Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Katalansk økonomi er ikkje spansk økonomi

I Madrid slo det ned som ei bombe då tilhengarar av katalansk sjølvstende i mai i år vann ein knusande siger ved vala til Handelskammeret i Barcelona. Handelskammeret representerer dei ulike sektorane av økonomien i Barcelona-området.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bilar passerer hovudkvarteret til Caixabank i Barcelona. Fleire selskap flytta hovudkontoret ut av Catalonia-regionen hausten 2017.

Foto: Manu Fernandez / AP / NTB scanpix

5220
20191011

Spania

Johannes Nymark

5220
20191011

Spania

Johannes Nymark

For dei som har følgt med på utviklinga i Catalonia dei seinaste åra, var dette inga overrasking. Mange næringslivsleiarar har lenge vore mellom dei mest ihuga forsvararane av sjølvstende for regionen, og andre har gått gjennom ei liknande utvikling, som Joan Canadell, industriingeniør og næringslivsentreprenør: «Før var eg ikkje for katalansk sjølvstende, inntil eg oppdaga at den spanske staten ikkje vernar om interessene til katalanske bedrifter, snarare tvert imot.»

Det finst sjølvsagt ulike haldningar også i det katalanske næringslivet, men opinionsundersøkingar som er realiserte frå 2014 og fram til i dag, syner at berre rundt 15 prosent er imot katalansk sjølvstende. Og desse 15 prosentane representerer næringsgreiner som får støtte frå den spanske staten eller, som bankane, er avhengige av statlege reguleringar. Alle undersøkingane syner at katalanske næringslivsleiarar er meir for sjølvstende enn fleirtalet av katalanarane. Og absolutt alle meiningsmålingane har komme ut med over 50 prosent for sjølvstende, dei fleste godt over. Ikkje berre vil desse leiarane ha sjølvstende, dei nyttar òg eigne ressursar i denne sakas teneste.

Katalansk økonomi

I oktober–november 2017 var det stor internasjonal merksemd om dei spanske styresmaktene sitt strev for å få katalanske selskap til å flytta hovudkontor ut av Catalonia. Formålet var sjølvsagt at ein skulle ta frå katalanarane skatteinntekter og knekka ambisjonen deira om å bli uavhengige. Problemet var berre at dei få bedriftene ein klarte å lokka og truga til å flytta ut, betalte svært lite i skatt. I tillegg er det blitt oppdaga at styresmaktene i Madrid nytta gulrota meir enn pisken, og gav dei fordelar mellom anna i skattlegging.

Nyleg har den største sveitsiske avisa Neue Zürcher Zeitung «avslørt» noko ein har visst ei god stund i næringslivskrinsar i Catalonia. Trass i at den politiske krisa er eit godt stykke unna løysing, er det stadig fleire internasjonale verksemder som etablerer seg i området. I dag finst det 8600 utanlandske selskap i Catalonia, 22 prosent fleire enn i 2017, då uroa rundt folkerøysting og sjølvstendeerklæring nådde eit førebels klimaks. Merkevarer som Nestlé, Siemens og Roche har etablert nye teknologisenter i Barcelona-provinsen, eit område der bilindustrien og kjemi- og farmasiverksemdene har sterke tradisjonar. Avisa poengterer at dei som flytta hovudkvartera ut av den katalanske regionen, var små og mellomstore lokale verksemder, medan dei store multinasjonale selskapa ikkje følgde oppmodinga.

I Spania var Catalonia-regionen desidert først ute ? alt i starten av 1800-talet ? med industrialisering, lenge før sentralstyresmaktene i Madrid såg nytten av slik verksemd. Initiativrike økonomiske entreprenørar har vore vanlege i Catalonia, og er det framleis. Neue Zürcher Zeitung nemner alle start up-bedriftene i området, og framhevar spesielt kor viktig 22@de Barcelona – eit nytt område for byutvikling – er for desse nyetablerte verksemdene. Mobile World Congress, som kvart år blir arrangert i Barcelona, har gjort sitt til at informasjons- og kommunikasjonssektorane er sterkt veksande i Catalonia, med rundt rekna 16.000 små, mellomstore og store selskap, der ein til saman sysselset meir enn 100.000 personar og kan visa til ein årleg omsetning på over 16 milliardar euro.

Der produksjonen er

«Kor hovudkontoret ligg, er ikkje så viktig. Det som tel, er produksjonen.» Alfons Durán-Pich, næringslivsleiar, sosiolog og økonomisk analytikar, er kategorisk når han viser til dømet Seat. «Korfor har Volkswagen bestemt seg for å ikkje flytta Seat? Fordi klynga av bilsektoren ligg i Martorell (i Barcelona-provinsen) og ikkje finst nokon annan stad i Spania. Difor kunne dei ikkje tillata seg å flytta.» Underforstått: Det viktige er kor den økonomiske verksemda (produksjonen) er, ikkje hovudkontoret.

Dei seinaste åra har også katalansk økonomi eksportert stadig meir til utlandet og er blitt mindre avhengig av den spanske marknaden. Dette gjeld spesielt i tenesteytande næring. Spansk økonomi generelt har gjort lite for å endra satsinga på bygg og anlegg, finans og spekulasjonsøkonomi. Det einaste omfattande som er gjort, er arbeidsreforma. Tala for arbeidsløyse har gått ned, men prisen for arbeidarane er låge løner, korte kontraktar og ein prekær arbeidssituasjon.

Og kva gjorde så industrileiarar i Spania under oppgangskonjunkturane i den konservative regjeringsperioden til José María Aznar (1996–2004)? Dei selde eller la ned industriverksemder og tok til å satsa på veksten i bygg og anlegg. Mange gjekk konkurs då krisa sette inn i 2008.

Når katalanarane seier at «Catalonia er ikkje Spania», gjeld det i høg grad innanfor økonomien.

Johannes Nymark er førsteamanuensis ved Noregs Handelshøgskule (NHH), der han underviser i spansk ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Katalanske næringslivsleiarar er meir for sjølvstende enn fleirtalet av katalanarane.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis