Kinas demografiske krise
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Samfunn
I 1960–70 åra var mange opptekne av overbefolkninga i verda, der ikkje minst Kina var i sentrum. Men nå har alt endra seg der. Ifylgje styresmaktene var fødselstalet i Kina 9,56 millionar siste året, medan dødstalet var 10,41 millionar. Det var første gongen dødstalet hadde vorte høgare enn fødselstalet sidan «det store spranget framover» i 1960-åra, der Mao Zedongs økonomiske eksperiment førte til hungersnaud som tok livet av 36 millionar.
Landet vil ikkje mangle folk på ei god stund, men på lang sikt er tala skremmande, og millionar av eldre vil nå møte fattigdom og ofte einsemd. I nordaustlege Kina finn ein alt i dag «spøkelsesbyar» med nesten berre gamle folk.
I 1978, da Deng Xiaopings økonomiske reformer vart sette i verk, var medianalderen i Kina 20,1 år, i 2021 var han auka til 37,9 år. Fertilitetsraten i Kina i dag er 1,18, men for å oppretthalde ein stabil populasjon må ein ha ein erstatningsrate på 2,1. I 2018 var det om lag 34 millionar fleire menn enn kvinner i Kina – eit utfall av eittbarnspolitikken med aukande abortar for jentefoster.
Færre og færre kinesarar har gifta seg dei siste åra. Saman med aukande skilsmisse har talet på inngåtte ekteskap gått radikalt ned, noko som sjølvsagt har ført til reduserte fødselstal – med tilsvarande aukande del eldre. Mange yngre menneske i Kina seier i dag at dei heller vil leve som ugifte ettersom det vert vanskelegare å finne arbeid. I tillegg kjem dei stigande prisane på mat og tenester. Mange par som gifter seg i Kina, ynskjer ikkje born og skuldar på aukande utgifter til utdanning og byrdene med å ta seg av eldre. Nokre ventar med å gifte seg og vel å leve saman utan bryllaup og born.
I sut for nedgangen i folkesetnaden har kinesiske styresmakter sett i verk ymse tiltak for å auke ekteskapsraten og fødselstalet. Først oppheva ein eittbarnspolitikken, som hadde verka i tre tiår, i 2016, og det vart lov med to born. I 2021 vart grensa sett til tre born. Styresmaktene har og lova betre svangerskapspermisjon for arbeidande mødrer. Enkelte stader har ein òg tilbydt ekstra fridagar for nyleg gifte par for å oppmode til familieliv. Men trass i slike endringar har ekteskapsratane falle sidan 2014.
Med nedgangen i folketalet, kopla saman med auka levealder, er landet i ei demografisk krise som vil ha konsekvensar ikkje berre for Kina, men for resten av verda. Nylege data frå Kina viser at den kinesiske økonomien hadde siste året eit av sine verste år etter 1976 da Mao døydde.
I dei siste fire tiåra har Kina stått fram som ei økonomisk stormakt. Utviklinga frå omfattande fattigdom til verdas største økonomi etter USA førte til auka levetid, som bidrog til nedgang i folketalet – der folk levde lenger, medan færre born vart fødde.
Denne tendensen har framskunda ei anna ottesam hending: den dagen Kina ikkje vil ha nok folk i arbeidsfør alder til å drive den økonomiske veksten. Vil vi snart sjå ei gamal skrumpande befolkning i Kina? Det meiner ein sosiologiprofessor i California som er ekspert på Kinas demografi.
Kvar dag vert det født knapt 400.000 born på kloten. Ein fjerdedel vil vekse opp som kinesarar eller indarar. Kina har eit folketal på 1,41 milliardar, men nå har India passert Kina som verdas mest folkerike land – og med ei befolkning der over 50 prosent er under 30 år.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Færre og færre kinesarar har gifta seg dei siste åra.»
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.