Klima og olje i valkampen
Politikk
Valkampen før haustens stortingsval er i full gang, og med FNs ferske og alvorlege klimarapport, pluss sommarens klimarelaterte naturhendingar og katastrofar verda rundt, er klima blitt eit varmt tema. Det er berre synd at diskusjonen er blitt ein form for noregsmeisterskap i politisk symbolproduksjon.
I ein rask kommentar til NRK etter publiseringa av FN-rapporten uttala partileiaren for Miljøpartiet De Grønne, Une Bastholm, at rapporten gjorde henne livredd, og det første rapporten fekk henne til å tenke på er «hvor livsfarlig norsk oljepolitikk er». I Morgenbladet kallar Lan Marie Berg Espen Barth Eide og Tina Bru for «de farligste klimafornekterne», fordi dei ikkje straks vil avslutte norsk oljeleiting.
Det er ganske rett at i ei (forhåpentlegvis nær) framtid med netto null utslepp av CO2 vil det ikkje vere plass for særleg mykje olje. Og eg ser ikkje bort frå at leiting etter, og eventuell igangsetting av, nye oljefelt vil vise seg å bli tapsprosjekt, slik oljeanalytikar i Nordea Thina Saltvedt opnar for i det stort oppslegne intervjuet i Dag og Tid nr. 34. Men det å skru av dei norske oljekranane vil i beste fall ha marginal effekt for å få ned utsleppa. På kort sikt – mot 2030 – vil det å slutte å leite etter olje ha null effekt. Dette er rein symbolpolitikk og betyr mest ved å polarisere og avspore klimadebatten bort frå tiltak som faktisk ville bety noko.
Bruken av olje og gass er ikkje styrt av tilbodet, men av etterspørselen. Og så lenge det finst etterspørsel, vil det også (i alle fall i nær framtid) finnast tilbod.
Klimaaktivistar og politikarar brukar elles gjerne å vise til koronakrisa som ein demonstrasjon på korleis det er mogleg å få ned utsleppa. Og utsleppa gjekk ned saman med etterspørselen etter olje og gass. Men det var tilbakeslaga i den globale økonomien som skapte redusert etterspørsel etter olje og gass, ikkje redusert tilbod på olje som førte til reduserte utslepp. Nå er verdsøkonomien på veg opp. Det same er etterspørselen etter olje og gass, saman med oljeprisen. Slik vil det fortsette så lenge det ikkje finst nok tilbod av konkurransedyktige alternativ til olje og gass, eller at verdsøkonomien kollapsar. Tilbodet på olje i den globale marknaden blir ikkje styrt av olje som ein knapp ressurs, men av marknaden og OPEC. Og dersom ikkje etterspørselen går ned, vil fråfall av norsk olje og gass raskt bli fanga opp og erstatta av andre petroleumsproduserande land. Klimaeffekten vil med andre ord truleg vere tilnærma lik null.
Det internasjonale energibyråets (IEAs) scenariorapport om vilkåra for å nå 1,5-gradarsmålet blir gang på gang halden fram som «beviset» på at vi må avslutte oljeverksemda jo før, jo heller. Også av Lan Marie Berg i Morgenbladet. Men IEA-rapporten seier ikkje at slutt på opning av nye oljefelt er eit verkemiddel for å nå klimamålet. Den seier tvert om at dersom verda lykkast med å bygge ut nok fornybar energi, vil manglande etterspørsel etter olje, kol og gass bli ein effekt av denne omstillinga. Og for å nå dette målet skisserer IEA-rapporten behov for eit enormt globalt omstillingsprogram for å erstatte fossil energi med fornybar: dramatisk auke i utbygginga av solenergi, vindkraft, hydrogenproduksjon, gruvedrift og utvinning av mineralar, batteriproduksjon, karbonfangst og ei mangedobling av innsatsen på forsking og utvikling for å skaffe fram ny, og i dag ikkje-eksisterande, teknologi.
Dette har nesten blitt borte i den norske debatten. Tvert om er det gjerne slik at dei partia og aksjonsgruppene som talar høgast om å stanse oljeverksemda med referanse til IEA-rapporten, også står i fremste rekke på barrikadane mot dei tiltaka som rapporten peikar på som svar på klimaproblemet – jamfør til dømes kampen mot vindkraft og aksjonane mot kopargruva i Repparfjord. (Dette er eit av dei metalla som vil bli mest etterspurt i den grøne skiftet.)
Den klimapolitiske utmaninga for oljepolitikken er ikkje leitestans eller sluttdatoen for norsk oljeverksemd, men korleis vi på best mogleg vis kan utnytte den kompetansen, den industrielle kapasiteten, og dei økonomiske ressursane som Noreg har til å omstille denne verksemda mot eit grønt energiskifte, og bygge den industrien som framtidige generasjonar skal leve av etter oljealderen. Det er dette som kan fase ut oljealderen, ikkje symbolpolitiske markeringar og moralisering over at norsk oljeverksemd har ansvaret for den globale oppvarminga og for dødsoffera etter flaumkatastrofane i Europa.
Her er det likevel grunn til å spørje om politiske styresmakter gjer nok for å utforme rammevilkåra for oljeindustrien, slik at han bidrar raskare og sterkare til eit grønt skifte. Vår enorme oppsparte oljeformue set oss i ein nesten unik situasjon til å bruke av denne rikdomen for å bidra til ei global omstilling av energiproduksjonen etter dei linjene som IEA trekker opp. Korleis kunne vi gjere meir her? Ein slik diskusjon, heller enn eit blindt krav om å avslutte oljeverksemda, ville gitt meining i valkampen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.