Klima og sur nedbør
KLIMA
I kronikken i Dag og Tid den 8. desember klagar Gunnar Abrahamsen, tidlegare forskar ved Norsk Institutt for Skogforskning (NIBIO), over at dagens klimaforskning undervurderer dei naturlege årsakene til klimaendringane og legg for mykje vekt på dei menneskeskapte årsakene. Han skriv: «Når menneskeskapte klimagasser umulig kan forklare temperaturvariasjonene de siste 12.000 årene, hva er da årsakene til disse?» Dette er fullstendig feil. Dagens klimaforskarar kjenner godt til tidlegare tiders klimaendringar og årsakene til desse, og det er ingen av oss som har påstått at klimaendringane under og etter istida er menneskeskapte. Men det passar tydelegvis Abrahamsen å framstilla det slik.
Det som over 90 prosent av klimaforskarane meiner no, er tvert imot at den temperaturauken som har skjedd dei siste 50 åra, ikkje kan forklarast berre ut frå naturlege årsaker, men må hovudsakleg koma av menneskeleg aktivitet, først og fremst utslepp av klimagassar som CO2 og metan. Dei fem varmaste åra har alle saman vore etter tusenårsskiftet, og samanfallet med kurva over CO2-konsentrasjonen er slåande. Likevel finst det framleis forskarar som Abrahamsen, som nektar å sjå det som alle andre ser, og leitar etter alternative forklaringar. Dei har ingenting skjønt og ingenting lært.
Slik var det òg med forskinga på sur nedbør for 30–40 år sidan, der Abrahamsen var med og leia det store tverrfaglege prosjektet «Sur nedbørs virkning på skog og fisk» (SNSF) som strekte seg over perioden 1974–80. Noko av dette prosjektet gjekk ut på å vatna ein naturleg furuskog med sur nedbør av ulik styrke, og deretter måla tilveksten på skogen. Det er rett som Abrahamsen skriv, at skog som var vatna med sur nedbør, vaks fortare enn ubehandla skog, og denne veksten var dei første åra størst ved høge konsentrasjonar av sur nedbør. Men det Abrahamsen ikkje nemner, er at denne effekten fall etter kvart gjennom forsøksperioden og gjekk over til negativ effekt etter 1980 hos langtidsbehandla forsøksplanter. Sur nedbør er dermed ikkje berre skadeleg for fisk, men også for skogen, når konsentrasjonane blir høge nok. Skogsjord har ei stor bufferevne, som kan motverka den skadelege utvaskinga av aluminium og andre tungmetallion over lange periodar, men før eller seinare bryt forsvarssystemet saman.
Det høyrer med til historia at andre forskarar greidde å påvisa at ved å byggja tak over ein skog som er utsett for sur nedbør, kan ein over tid få fisken til å koma tilbake i vassdraget som renn ut av skogen. Dette var med på å overtyda britiske og tyske styresmakter om at det var utsleppet frå industrien og trafikken i desse landa som var hovudårsaka til at fiskeyngelen i vassdrag på Sørlandet blei forgifta av sur nedbør. I dag har alle land i Europa akseptert dette og innført effektive tiltak for å stoppa utsleppet av svoveldioksyd, men framleis er nitrogenoksydutslepp frå bensin- og dieseldrivne bilar eit stort problem – også når det gjeld forsuring.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.
Foto: Anne Valeur
Fugl føniks
Hayden Powell har brukt ventetida godt.
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.