Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Knust sjølvbilete

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ingen såg for seg at det ville gå så raskt utforbakke i Sør-Sudan, sa Hilde Frafjord Johnson i 2014.

Foto: Bibiana Dahle Piene / NTB scanpix

3127
20171006
3127
20171006

RELIGION

Alt gjekk gale i Sør-Sudan, vedgår dei norske hjelpeorganisasjonane. Samstundes meiner dei at dei sjølve gjorde alt rett. Det er Terje Tvedt som fortel dette i Dag og Tid 29. september. I artikkelen dokumenter han at Kirkens Nødhjelp og Norsk Folkehjelp var heilt sentrale aktørar i den prosessen som gjekk gale. Det ser ut til at dei systematisk lukka augene for realitetane under vegs. Det som gjer dette så smertefullt, er at det synest vere heile det norske etablissementet som vert råka, med politikarene og kyrkjeleiarane i første rekke.

Då denne artikkelen kom, var det som siste lekk i ein rad artiklar der forfattaren teiknar eit stort bilete. Vi har kunna lese korleis Jonas Gahr Støre det siste tiåret energisk og konsekvent har støtta muslimar og halde kjeft jamvel når dei kom med drapstruslar mot kritikarar av ekstremistiske rørsler og handlingar. Målet for Støre er å skape det nye store multikulturelle og multireligiøse norske «vi» (15. september). Men det mest pinefulle av alt for mange av oss som står i Den norske kyrkja, er det vi kan lese i artikkelen «Den norske kyrkja som Islamsk Råds støttespelar» (22. september). Det kan synest som kyrkja gjennom eit nitid og langvarig arbeid for dialog og mot «islamofobi», nærmast har utsletta seg sjølv som evangelisk-luthersk organisasjon. Leiarane har sett ein annan veg når Islamsk Råd kjem med dei mest bestialske åtaka på sine kristne «vener» og andre vantruande. Det er ikkje lett å sjå noko til dialogen her.

Men jamvel dei utan politiske eller religiøse interesser har grunn til å kjenne seg råka av det Tvedt legg fram. For han har knust det nasjonale sjølvbiletet som vi har vore så stolte av. Vi solar oss i glansen av – som det ofte heiter – å vere ei humanitær stormakt. Bak løyner seg – slik kan det sjå ut – røyndomsangst, ein uvilje mot å sjå oss sjølve og realitetane slik dei verkeleg er. Kan hende det ikkje berre er det nasjonale sjølvbiletet, men heile den liberaldemokratiske samfunnsforståinga som slår sprekkar. Ute har vi sett faresignala lenge, og særleg i året som gjekk med brexit og Trump. Men det er ute og ikkje her heime. Vi kan likevel ikkje vere så trygge lenger. Tvedt gjev oss eit samanhengande bilete som gjer det tydelegare enn før. Den ofte omtala tilliten til institusjonane kan vere truga.

Vi har vore påfallande lite viljuge til å diskutere på prinsipiell basis den liberalismen som er grunnplanken både for politikarar, media, samfunnsvitarar og teologar. Når premissa er universelle verdiar, toleranse og dialog, vert det konkrete fellesskapet usynleg, og den historia som gjev oss identitet, ja som situerer oss i verda, forsvinn. Denne diskusjonen kan verke skræmande, men held vi fram med å late att auga, kan det bli verkeleg farleg.

Politikarane må slutte å bruke ordet demokrati utan å seie kva dei meiner med det. Kyrkjeleiarar og teologar må grunngje kvifor dei handlingane dei gjer heime og ute, er i samsvar med den luthersk-evangeliske læra. Går dei ikkje inn i denne diskusjonen, vil korkje verdslege eller åndelege leiarar kunne halde på truverdet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kristin Harila fekk vondt i ryggen og snudde. Ho nådde ikkje Sørpolen åleine på ski i 2024.

Privat / Handout

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

Meldingar
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis