Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Kollektivt og framtidsretta

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Aasmund Olavsson Vinje.

Aasmund Olavsson Vinje.

Foto: Ukjend fotograf / Nasjonalbiblioteket

2663
20180316
2663
20180316

Vinje

Tankane dine

For tankane dine må du liva

som for dine born,

og ikkje dei små or huset driva,

men mala for dei ditt korn.

Du lettare ville på bora fljota,

når dei foro hit og dit;

men den som vil fader-gleda njota,

må kjenna til fader-slit.

(Aasmund Olavsson Vinje, frå Dølen, 6. november 1859. Diktsamling 1864)

Aasmund Olavsson Vinje tenkte kollektivt og framtidsretta. Det ville bety noko for den einskilde og samfunnet kva tankar ein uttrykkjer gjennom språk og handling. Ifølgje Vinje kostar dette noko. Han brukte ordet «fader-slit». Skal ein oppnå glede i framtida, må ein investera noko i notida. Borna lærer både språket, tankane og omsorga frå dei vaksne.

Vinje sitt dikt står i ein læredikttradisjon. Denne tradisjonen kom i bakgrunnen i ei tid då menneska fekk fridom frå verdslege og religiøse autoritetar og kunne stå åleine med fornuft og samvit. Retten til den einskilde har vore eit mantra i lang tid. Forsøk på moralske påminningar har stort sett vore møtte med irritasjon og forakt.

I den viktige romanen Genanse og verdighet frå 1994 viser Dag Solstad korleis gymnaslæraren Elias Rukla følte seg «sliten, utlevd og sterkt skuffet». Elevane verka frigjorde frå «unaturlige og foreldede ritualer». Romanen synleggjorde korleis skulen sitt danningsprosjekt braut saman, og korleis tap av motivasjon spegla tapet av meining i kulturen.

«Natteravner slår alarm» og «Vi har aldri før hatt så sinte ungdommer som vi har nå» er titlar frå Klassekampen fredag 2. mars 2018. Psykiske problem, manglande interesse og depresjonar blant barn og ungdom er aukande. Kapitalkreftene og massekulturen er trendgjevarar, og menneska er varer som opplever seg sjølve som seljelege om ein kan tileigna seg det ytre som skal til. Kroppen, kleda, retorikken og karakterane er målbare resultat i marknadstenkinga.

Vinje sitt dikt kjennest høgst aktuelt i forfattaren sitt jubileumsår og i ei tid då barn kanskje har vorte overlatne til å ta for mange val utan å vera vaksne nok til å ta vala. Det kostar å vera vaksne ansvarlege som tek val for barnet og hjelper dei til utvikling. Det kostar å ha meiningar som har konsekvensar. Det kostar å ta upopulære val som til dømes å hjelpa andre i naud og å gjera aktive val for klima og miljø. Det kostar å vera ansvarleg politikar og å insistera på at ein skal ha eit prinsipprogram som ein må følgja. Det kostar å ta opp verdival og skapa endring av kulturen. Det kostar å henta fram meiningar, og det kostar å «bryta» dei med andre. Ikkje minst vil det merkast om ein skal ta det ein tenkjer på og snakkar om, på alvor.

Anne Karin Fonneland er forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis