Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Korfor skal Noreg følgje Tyrkia?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den IS-okkuperte byen Kobane i Syria under bombeåtak frå USA-leidde luftstyrkar i oktober 2014. Her kunne norsk bistand ha forandra kvardagen for hundretusenar, skriv Erling Folkvord.

Fto: Lefteris Pitarakis/AP/NTB scanpix

2247
20171215
2247
20171215

TYRKIA

Eg las Dag og Tid-oppslaget «Hjelpeparadokset» (8. desember 2017) ei tid etter at eg kom frå ei rundreise i ein forholdsvis fredeleg del av Syria. Eit område der titusentals flyktningar og mange andre treng hjelp der dei er. Eg snakkar om den delen av Syria som SDF (Dei demokratiske styrkane i Syria) har frigjort frå IS (Den islamske staten). SDF seier at dette no er ein tredjedel av Syria. I alle fall er det nesten heile området nord og aust for Eufrat. SDF har fått og får framleis militær hjelp frå USA.

Det er nesten tre år sidan IS leid det første nederlaget i Kobanî. Dette kosta dyrt – for befolkninga i byen. I dag er det 1200 martyrfamiliar i Kobanê. Dei lever i dag i ein krigsøydelagd by med folketal som i Bodø. Kvar familie har mista ein eller fleire i krigen mot IS. «Dei slost for heile verda, ikkje berre for oss», som ei mor sa om sonen og dottera ho hadde mista.

I desse åra har den kurdiske delen av Nord-Syria både hatt eit stabilt styresett og i hovudsak fredelege forhold. Her kunne norsk bistand ha forandra kvardagen for hundretusenar. Humanitær hjelp ville ha ført til at flyktningar frå andre delar av Syria kunne ha funne trygge stader å vere i sitt eige land. Det hadde ikkje kosta stort å hjelpe dei lokale styresmaktene med å sette opp flyktningleiarar med god standard i dei trygge områda. Det ville ha vorte noko heilt anna enn kvardagen i Ayn Issa-leiren fem mil nord for Raqqa. 20.000 levde der da eg eg var der.

Gjenoppbyggingshjelp til Kobanê og andre område som treng det, ville fått enda fleire flyktningar til å vende heim igjen. «Det er trist å tenkje på kor mange fleire vi kunne ha hjelpt», sa ein mediekjend statsråd til Dag og Tid.

Om den norske regjeringa hadde ønskt å gjere noko med dette i Nord-Syria, hadde dei for lenge sidan send ein handfull røynde bistandsarbeidar dit for å få i gang humanitært samarbeid med styresmaktene. Dag og Tid har rett i at det ikkje ville ha kosta stort. Problemet har hittil vore at den norske regjeringa ikkje vil. Noreg følgjer i all hovudsak den nådelause oppfordringa frå president Erdogan i nabolandet Tyrkia: Humanitær blokade av den kurdiske delen av Syria.

Erling Folkvord er medlem av Rødt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.

Foto: Anne Valeur

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Fugl føniks

Hayden Powell har brukt ventetida godt.

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis