Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

«Korrekt moderne nynorsk» og dei to nye ordlistene

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3543
20171013
3543
20171013

NYNORSK

Hallvard Hegna etterlyser i Dag og Tid (DT) nummer 40 ei presisering av omgrepa «kjerne–nynorsk» og «korrekt moderne nynorsk», som eg brukte i meldinga mi av dei to nye nynorskordlistene i DT nummer 39. Det er for så vidt rimeleg at han gjer det, for slike omtrentlege formuleringar kan tøyast i ulike leier. Eg tenker på ein såkalla «midtlinenynorsk», som baserer seg på vanleg brukte former i vår samtid, og ikkje av ideologiske eller andre grunnar søker mot former frå eldre rettskrivingar eller mot bokmålsformer. Denne midtlinenynorsken får god plass, meiner eg, i den offisielle nynorsknormalen som gjeld frå 2012.

Da Enkel nynorsk ordliste kom ut på Samlaget i mars, vart det reist innvendingar mot at det kjem ut slike private normeringar no når Språkrådet har lagt fram og fått vedtatt ei ny og innstramma rettskriving etter årelange diskusjonar, tautrekkingar, forsking i bruken og avvegingar. Eg deler denne kritikken, og trur det er best for nynorsken at 2012-rettskrivinga får «sette seg» og bli prøvd ut i praksis over tid, før ein begynner med nye evalueringar og revisjonar, med den «bokstavkrangelen» som det kan føre til.

Men når det først kjem ut slike forsøk på «forenklingar» eller «nynormeringar», er det betre at det kjem ut to ordlister med ulik profil som folk kan velje mellom, enn berre éi.

Dei to ordlistene vender seg heilt klart mot ulike målgrupper. Langeland si liste appellerer nok mest til «sekta» av nynorsktradisjonalistar. For han hadde det truleg vore meir taktisk å legge formutvalet innanfor 2012-rettskrivinga og nøye seg med å markere den tradisjonelle enden der. Men han har, som eg nemnde døme på i meldinga, lagt fram ei personleg norm som delvis bryt med både noverande rettskriving, og den læreboknormalen vi hadde før. Eg trur dei fleste «vanlege» nynorskbrukarar vil skrive det dei opplever som korrekt moderne nynorsk, av eit slag som ikkje bryt for mykje med den offisielt godkjente rettskrivinga og den nynorsken dei til vanleg ser, til dømes i DT og i nye nynorske bøker. Det er ikkje denne brukargruppa dei to ordlistene vender seg til, og det måtte det seiast frå om i ei melding.

Dei to nye listene må sjåast som eksperiment. Dei må fungere i ei nynorsk allment der rammene for formbruken uansett er vidare. Det å ha to ulike og konkurrerande lister kan synleggjere at det er ulike legitime måtar å skrive nynorsk på, slik at vi unngår at til dømes Enkel nynorsk ordliste hadde kome ut åleine, og fått eit slags «normeringsmonopol» i den faktiske språkbruken, til dømes ved at det blir sett opp lokale «rettskrivingsnormalar» innanfor forlag, aviser, regionale og lokale administrasjonar og så vidare – utan grunnlag i noka form for formell saksbehandling med drøfting i det opne rommet.

Faren er sjølvsagt at vi kan få to tronge normer med kvar sin fraksjon bak seg, og dermed meir språkpolitisk «skyttargravskrig» mellom nynorskbrukarar. Det bør motverkast ved å fremje ein gjensidig respekt mellom brukarar av ulike variantar på basis av ein felles nynorskideologi, der eit heilskapssyn på nynorsken blir overordna enkeltpersonar sin ord- og formbruk. Slik kan ein motverke stempling av kurant nynorsk språkbruk som «dårleg» på den eine eller den andre måten. Målet må vere å gjere nynorskbruken enklare for den enkelte brukaren både på Austlandet og Vestlandet og andre stader, og samtidig syte for at det framleis blir opplevd som legitimt og normalt å skrive nynorsk på noko ulike og jamstilte måtar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kristin Harila fekk vondt i ryggen og snudde. Ho nådde ikkje Sørpolen åleine på ski i 2024.

Privat / Handout

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

Meldingar
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis