Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

«Korrekt moderne nynorsk»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2473
20171006
2473
20171006

NYNORSK

Lars S. Vikør har skrive om dei to nye ordlistene (Dag og Tid, 29. september 2017): Enkel nynorsk ordliste for offentleg og privat sektor og Nynorsk ordliste. Tradisjonell og einskapleg form. Og han konkluderer med at dei er ubrukande for dei som vil skriva «korrekt moderne nynorsk». Han kallar det òg «kjernenynorsk», kva no dette er? Er det den nynorsken Vikør sjølv skriv?

«Det verkar tvilsamt at ein skal skrive bølge og følge, men tek og teke», skriv han. Sjølv brukar han tilnærmingsvenlege former, men han meiner det er «for tidleg å føre dei opp som eineformer», det vil ikkje bli «godtatt» på Vestlandet. (På austsida av Mjøsa seier dei «tenkje» og «tæg – har tii».) Med denne utsegna viser Vikør kva som er det openberre målet for språkplanleggjinga: Kampen for samnorsk skal halda fram.

Eg har fylgt nøye med på korleis nynorsk vert skrive i dag, det må vel vera dette som er «kjerne-nynorsk»? Ut i frå døme, som eg har notert ei svær mengd av, er denne nynorsken mykje ei blanding som avspeglar den nye norma, i tillegg til mange direkte feil som viser at det står kleint til med nynorsk-kunna.

Dette er stoda, og grunnen til denne tragedien for nynorsken er den ideologiske usemja i målrørsla. Tilnærmingsideologane har sigra, og ein har sidan 1970-åra styrt etter ein strategi som norskprofessorane Sylfest Lomheim og Lars Gunnar Berge har kalla «ein kjempetabbe». Dette sa dei i ein stor reportasje-artikkel i Morgenbladet 21. mars 2013 som vart innleidd slik: «I dag trues Ivar Aasens landsmål av sitt eget fundament: de norske dialektene.»

Her må presiserast at i dag vert dialektane overkøyrde og rudde ut av det austlandske talemålet i byane, og bokmålet som pressar på overalt. Då vert det spørsmål om «vilje til nynorsk»! Dersom ein ynskjer å ha nynorsk, då? Vitsen med nynorsk må vel vera at det er eit tydleg alternativt mål til bokmålet?

Eg har undra meg over nynorskfolk. Dei synest ha vore passive patriotar som «har fylgt med på ferda» utan å reflektera over kor det ber av. Men no har det endeleg skjedd noko som viser saka i relieff: dei to nye ordlistene! Vikørs kommentar er til god nytte. Den viser kva saka gjeld. Så fær «nynorskingane» velja: Vil dei ha nynorsk, så veit dei kva ordliste dei må halda seg til.

Og ein ting til: Vil ein at nynorsken skal leva, må ein leggja seg etter å tala nynorsk – for å gjeva nynorsken ryggstø, slik bokmålet har.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

Meldingar
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis