IPCC og norsk klimadebatt
Kravet om at vindturbinane skal rivast, er like unisont som det er klimapolitisk vanvittig.
Greta Thunberg demonstrerer mot vindturbinene på Fosen.
Foto: Alf Simensen / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Klima
Den 20. mars publiserte FNs Klimapanel (IPCC) den siste rapporten sin. Rapporten er ei oppsummering og samanstilling (ein «syntese») av dei tre delrapportane som kom i 2022, og utgjer IPCCs sjette rapporteringsrunde sidan den første rapporten kom i 1990.
Denne siste rapporten seier såleis i grunnen ikkje mykje nytt utover det vi finn i dei tre delrapportane som han bygger på. Det som likevel har vekt merksemd, er at IPCC nå opnar for at 1,5-gradersmålet kan vise seg å vere urealistisk. Det går for seint å få ned utsleppa. Likevel går dei fleste kommentarar ut på at vi må halde fast på målet, og vi må styrke innsatsen.
Klimatiltak
Sett i høve til den norske klimadebatten er noko av det mest interessante ved rapporten at han inneheld eit oversyn over kva klimatiltak som på kort sikt har størst sjanse for å føre oss – i alle fall litt – nærmare målet. Diagrammet er klipt ut frå figur 7 i rapporten. Det er særleg grunn til å merke seg dei blå delane av søylene. Dette er slike tiltak som kan gjennomførast på relativt kort sikt og til relativt låge kostnader.
Her ser vi at det IPCC reknar vil gje størst gevinst, er å satse på utbygging av sol- og vindkraft. Solenergi er nok enda viktigare i meir solrike strøk enn her i Norden. Men også her ligg det truleg store gevinstar å henta på utbygging av solbasert energi, både som store «solenergiparkar» og desentralisert på bustader og alle slag bygningar.
På den andre sida har vi her i Norden, og ikkje minst Noreg, store naturlege fortrinn for utbygging av vindkraft på land og ikkje minst til havs.
Greta Thunberg
Vi ser samtidig at satsing på bioenergi kjem relativt dårleg ut. Det gjeld både som drivstoff for køyretøy og som elektrisitetsproduksjon med CO2-lagring (BECCS). Her verkar det å vere langt meir å hente på ulike former for energieffektivisering. Kjernekraft får ikkje stor plass på kort sikt, men vi merkar oss at det, i motsetnad til kva som ofte blir hevda, er relativt kostnadseffektivt, skal vi tru denne rapporten.
Dette oversynet grip rett inn i aktuell norsk klimadebatt. Eller kanskje det er rettare å seie at det grip inn i eit nærmast uforklarleg paradoks i den norske klima- og miljødebatten. I ei tid da klima- og miljøaktivistar – og også forskarar – klagar på styresmaktene for å gjere for lite og for seint for å «redde klimaet», opplever vi i desse dagar at store delar av den norske miljø- og klimarørsla, og med det svenske klimaikonet Greta Thunberg i spissen, aksjonerer for å få rive meir enn 150 vindmøller på Fosen. Bakgrunnen er kjend nok: Høgsterett har dømt konsesjonen ugyldig fordi han strir mot samane sitt folkerettslege vern som urfolk. Men høgsterett krev ikkje riving. Dommen opnar for ny gjennomgang av konsesjonsvilkåra og betre «avbøtande tiltak» for reinnæringa.
Frå miljø- og klimaaktivistane er likevel kravet unisont. Her er det ikkje rom for kompromiss og minnelege ordningar med reinnæringa. Refleksjonar over det klimapolitiske vanviddet det vil vere å rive meir enn 150 vindturbinar, er så godt som fråverande hos dei som elles brukar å rope høgast og skulde politikarane for handlingslamming og «bla, bla, bla» i klimapolitikken.
Det same gjeld dei partia på Stortinget som likar å stå fram som pådrivarar på regjeringa i klimakampen. Kravet om at vindturbinane skal rivast, er like unisont som det er klimapolitisk vanvittig.
Konflikt
Men Fosen-saka er ikkje eit einstaka tilfelle. Ho er ein del av eit omfattande mønster der klimatiltak som på ein eller anna måte kjem i konflikt med naturverninteresser, eller som folk synest kjem for tett inn på seg, samlar massiv motstand. Mest tydeleg kjem dette til uttrykk i konfliktane omkring utbygging av vindkraft, der organisasjonen Motvind Norge har samla om lag 20.000 medlemmer til kamp mot utbygging av norsk vindkraft på land og til havs. Klimaspørsmålet er i våre dagar i ferd med fullstendig å drukne i kampen mot vindkraft, samtidig som IPCC nå gjer det tydeleg at rask utbygging av vindkraft vil vere noko av det mest effektive som kan gjerast for å bremse den globale oppvarminga.
Dei fleste vil vere samde i at det knyter seg problem og konfliktar til så vel vindkraft som til energi frå solceller. Det er arealkrevjande og fører til betydelege ressurs- og forureiningsproblem. Det som oftast blir halde fram, er konflikten med omsynet til biologisk mangfald. Dette er reelle konfliktar, som til liks med konflikten med reinnæringa vi krevja avveging og kompromiss.
Men like kompromisslaus som miljørørsla har vore i Fosen-saka, like kompromisslaus er ho i alle andre saker som har å gjere med fysiske inngrep for å bygge ut fornybar energi. Det alternativet som stendig fleire etter kvart peikar på, satsing på kjernekraft, blir også møtt med massiv motstand frå same hald. Dette er heller ikkje eit problemfritt alternativ, men det ville løyse mange av dei arealproblema som vind- og solkraft heilt opplagt møter på.
Diagrammet er frå figur 7 i rappprten. Dei blå delane av søylene viser tiltak som kan gjennomførast på realtivt kort sikt og til relativt låge kostnader.
Trugsmål mot tiltak
I dag er det ikkje «klimaskeptikarane» eller organisasjonen Klimarealistane som er den største trusselen mot fornuftige tiltak for å få ned utsleppa i tråd med tilrådingane frå IPCC, det er paradoksalt nok store delar av naturvernet og miljørørsla. Dei fleste av desse påstår rett nok at dei har tillit til klimavitskapen, og dei kritiserer politikarane for å gjere for lite, for seint, for ikkje å «lytte til vitskapen» og for å ikkje ta 1,5-gradersmålet alvorleg.
Like fullt stiller dei kompromisslaust opp i fremste rekke for å aksjonere mot dei tiltaka som vitskapen peikar på som dei viktigaste og mest nærliggande for å erstatte bruken av olje, kol og gass og dermed få ned utsleppa. Blir dei spurde om kva dei alternativt vil gjere for å få ned utsleppa, er som regel svaret at den norske olje- og gassverksemda må avviklast snarast.
Dette er for det første ikkje eit kortsiktig tiltak som kan få ned utsleppa innan 2030, slik politikarane og miljørørsla er samde om må til. For det andre er vilkåret for på lengre sikt å få avvikla karbonnæringane at det blir bygd ut store mengder utsleppsfri energi som kan erstatte oljen, kolet og gassen. Det er dette denne rørsla står i fremste rekke for å aksjonere mot.
Jon Naustdalslid er forfattar og skribent og tidlegare instituttsjef ved Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR).
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.