JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Kva om ein ikkje kan vinna krigen?

«USA og Nato er i høg grad medverkande til både å ha starta og å halda i gang konflikten.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ukrainsk stridsvogn under eit russisk åtak på Sumy-regionen, august 2024.

Foto: Viacheslav Ratynskyi / Reuters / NTB

2473
20240913
2473
20240913

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Krigen i Ukraina

Den ulykksalige Ukraina-krigen, offisielt berre mellom Russland og Ukraina, held fram, og me ser ingen ende på han.

I Noreg dominerer med få unntak den forteljinga at Russland uprovosert gjekk til åtak på det mykje mindre grannelandet i vest. Både presse og politikarar (til og med partiet Raudt) godtek denne vinklinga. Stadig er det snakk om å «vinna» krigen mot Russland – men kva dei legg i omgrepet siger eller tap, er det få som vil presisera, og minst av alt forsvarsministeren.

Eg deler ikkje synet at dette er ein konflikt berre mellom Russland og Ukraina. USA og Nato er i høg grad medverkande til både å ha starta og å halda i gang konflikten.

Lat meg nå likevel i dei neste fem minutta godta premissen om at russarane utan grunn gjekk laus på det demokratiske Ukraina. Kva så?

Krigen held fram, og både soldatar og sivile vert drepne kvar einaste dag.

Kan Ukraina, med bortimot uavgrensa våpenhjelp frå vest, vinna tilbake Krim og dei andre områda i aust? Svaret på det må bli nei. Russland, som for to år sidan verka lite førebudde på angrepskrig, har nå fått erfaring, og våpensmiene går for fullt. Økonomiske sanksjonar ser heller ikkje ut til å bita på landet.

Det er derfor berre to realistiske utfall: Det eine alternativet er at styresmaktene i Ukraina innser at siger er utanfor rekkevidde, og går med på fredsforhandlingar. Dei nye landegrensene blir då truleg ein stad nær dagens frontar, og Ukraina må stå utanfor Nato – men blodbadet stansar og gjenoppbygginga av landet kan ta til.

Dessverre ser det ut som at Nato, med sine løfte om våpenhjelp, har sett bom for det alternativet.

Det andre alternativet er at krigen held fram. Av det me ser nå, resulterer det berre i stadig fleire falne. Russarane lid nok også store tap, men landet er mykje folkerikare, så dei toler tapa lenger. Til slutt stansar krigen av seg sjølv, ganske enkelt fordi Ukraina ikkje greier mobilisera fleire kampdyktige soldatar. Ukraina vil då stå att som eit utarma og utbomba land, og med eit utblødd folk, og det etter å ha tapt endå meir land.

Dette er den realistiske enden på soga, uansett kor sympatien vår ligg. Derfor må eg be regjeringa om å slå frå seg draumen om siger og heller stø alle tiltak som kan få slutt på blodbadet.

Norske hjelpetiltak må frå nå av bli av humanitær og ikkje militær art.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis