JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Kva vil historikarane i framtida skriva?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3789
20240628
3789
20240628

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Krigen i Ukraina

I svaret til Jon Lund Hansen i Dag og Tid 16. mai nemner Halvor Tjønn historikarane i framtida. Han meiner at dei ikkje vil vera einige med Jon Lund Hansen. Kva vil dei koma til å skriva om den historiske epoken som Ukraina-konflikten er ein del av? Tilhøvet mellom aust og vest etter krigen gjer epoken spesiell, og alt må sjåast i samanheng. Ideologi er ein viktig faktor, og USA er ein hovudaktør.

I andre verdskrigen vart Sovjetunionen og vestmaktene allierte mot Hitler-Tyskland, og den russiske innsatsen vart avgjerande for sigeren. Men frå 1946 vart det kald krig, til Sovjet-regimet kollapsa i 1991.

Sovjet-Russland hadde 11 millionar falne soldatar og 16 millionar drepne sivile. «Britenes samlede tap av menneskeliv ble 388.000. USA hadde 295.000 døde, krigen i Stillehavet inkludert», ifylgje Hitler- og Stalin-biografen Alan Bullock.

Meininga om etterkrigstida er at Sovjet ville gå til militært åtak på Vest-Europa (no meiner ein det nye Russland vil gjera det same). Halvor Tjønn meiner openbert at historikarane i framtida vil stadfesta dette. Men er det truleg at ein stat som kunne kollapsa, kjende seg sterk nok til å gjera eit slikt åtak?

Etter det russiske åtaket på Ukraina i 2022 sa tidlegare utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide at «nå er tida for å fordømme, ikke å forstå». Dette reagerte toppdiplomaten Kai Eide på. Han frykta «taktfast marsj». Dette har gjort det vanskeleg å diskutera Ukraina-konflikten.

31. mai hadde Dag og Tid to lesarinnlegg som viser dette. Det eine er av Halvor Tjønn, som har vore Dag og Tids faste kommentator om Ukraina-konflikten. Det andre innlegget er av Gjermund Bakkeli Haga. Innlegga er som natt og dag. Halvor Tjønns er eit partsinnlegg, medan Bakkeli Haga gjev ei forklåring av konflikten.

Det som hender i historia, er fylgjer av politikk. Stoltenberg har sagt at fullskalainvasjonen i Ukraina vart gjord for å hindra ukrainsk medlemskap i Nato. Og ein kronikør i Aftenposten 12. juli 2023 fortalde at «USAs tidligere president, George W. Bush, i Bucuresti i april 2008, presset på for å få Ukraina med i Nato – til stor skepsis både fra Moskva og europeiske Nato-land».

Det hadde vore mange Nato-utvidingar tidlegare. Og 11. april skreiv Halvor Hegtun i Aftenposten at «med 20–30 års forsinkelse gjøres det klart at nok er nok. Russland vil ikke finne seg i at også broderlandet Ukraina slipper unna. Det er en logikk og en psykologi som Vestens ledere gjør klokt å sette seg inn i, selv om skuffelsen over Russlands veivalg er stor». Hegtun fortel òg om tider då Russland deltok i Partnarskap for fred, Nato hadde kontor i Moskva og Russland i hovudkvarteret til Nato.

Kåre Willoch vart kalla «Norges kloke bestefar». Han hadde ikkje den dominerande haldning til Russland, og i 2014 uttala han seg i eit debattmøte: «Jeg er betenkt over den vestlige verdens gjentatte mangel på respekt for andre samfunns interesser, meninger og holdninger. Og jeg unnlater ikke å si at når det gjelder behandlingen av Russland, så er jeg ikke fornøyd. Jeg mener at når en skadet bjørn ligger rolig, så er det ikke nødvendig å stikke den med et spyd, og det er vel omtrent det man gjorde da man begynte å antyde at Natos grense skulle gå 500 km fra Moskva.»

Willoch gav uttrykk for same haldninga i boka han gav ut i 2018 saman med Torbjørn Røe Isaksen, Alt med måte.

Aftenpostens respekterte kommentator Nils Morten Udgaard uttala seg òg på same tid: «Realpolitikken kan ikke avskaffes, et visst hensyn til andre makters interesser må alltid være tilstede. Det har til tider manglet i EUs og Natos politikk overfor et Ukraina som utgjør Russlands myke ’underliv’.»

Med ein annan politikk kunne Ukraina-krigen vore unngått. Då hadde verda vore annleis i dag.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis