Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Kven rana norske jødar?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2208
20171201
2208
20171201

HOLOCAUST

Jan Landro skriv i Dag og Tid 24. november om boka til Bodil Stenseth: Quislings ran, historien om Villa Grande, der han siterer Stenseth på at «Quisling var omsynslaus, kynisk og havesjuk», og skuldar han mellom anna for jøderan. Tjuveri vart han òg klaga for i rettssaka, men ungdomsvenen Vilhelm Ullmann forsikra at Quisling ikkje eingong ana kva han tente då han vart forsvarsminister; han hadde ikkje spurd. Ullmann trudde ikkje han var havesjuk. Landro siterer òg: «Heile Quislingregimet var eit ran, med omstøyting av konstitusjonen og innføring av eittpartistat og diktatur». Det var Terboven, den verkelege herskaren, som forbaud dei andre partia.

Nasjonal Samling (NS) og Quisling var for Grunnlova og parlamentet, men mot parti og parlamentarisme, som vart til i 1884, 70 år etter Grunnlova. NS meinte parlamentarismen hadde leidd til svake regjeringar og svekt forsvar, noko dei meinte leidde til at Noreg vart hærtatt. Dei såg på paragraf 57 i Grunnlova, «Bondeparagrafen», som eit merke på at Stortinget skulle veljast ut frå yrke. Men «Lauga» vart kalla «nazisme» så det vart ikkje val.

Likvidasjonsstyret vart til for at det som høyrde til jødar, ikkje skulle gå til SS, slik det vart i andre land og i Trøndelag. Men SS tok sylv, gull og ur. Det vart førd liste over det jødane eigde. Noko vart selt på auksjon med rekneskap over kven som kjøpte kva til kva pris. Kvar jøde hadde sin rekneskap og ville kunne kjøpa tinga att. Dei visste at mange jødar var i Sverige, men ikkje kva skjebne dei deporterte hadde. I synagoga i Bergstien der NS-LO hadde lager, blei alt som høyrde til synagoga, ståande, saman med ting frå jødiske heimar. Tyskarane tok lokala til Frimurarlosjen og Norske Selskap. Der tok Quisling vare på innbu og sylv. Golvklokker og anna frå jødiske bu stod trygt på Gimle. Av praktiske grunnar var verdiar frå alle dei jødiske bua slegne saman til ein konto som var på kr. 24.000.000 7. mai 1945. Etter krigen tok andre over. Jødane som kom heim, fekk lite att. Stortinget rekna om desse 24 millionar 1945-kronene til 450 millionar i 1999, som blei erstatninga til jødane. Slik kunne dei kjøpa Villa Grande.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

Meldingar
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis