Kvifor ikkje vera ærlege?
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Krigen i Ukraina
«Mot en russisk invasjon i nord må målet være å holde ut i den korte tiden til hjelpen kommer fra amerikanerne og andre allierte i Nato», heitte det nyleg i ein artikkel i Aftenposten.
Men no held denne farlege fienden, som aldri har truga Noreg, på å tapa i Ukraina: «Når EU og USA stiller seg bak Ukraina mot et Russland som har BNP på nivå med Italia, så er det ikke en krig som Russland faktisk har grunnlag for å vinne», sa oberstløytnant Ydstebø til Klassekampen 26. mai. Og 20. mai sa den britiske russlandseksperten Mark Galeotti i same avis at «sjansen for at Russland vil utgjøre en trussel mot Nato i overskuelig tid er lik null». Og å seie at «hvis Ukraina faller, så er Polen og Romania neste land ut, er absolutt nonsens», legg han til.
Sovjetunionen hadde aldri ressursar til å utbreia regimet sitt med våpenmakt. Frå fyrste stund var ein i ein forsvarssituasjon, men i andre verdskrigen slost ikkje russarane berre for seg sjølve – ogso for Europa.
På grunn av sine spesielle historiske røynsler er dei vare om grensene sine. Kunne ikkje dette respekterast? Det var Henry Kissingers politikk, men frå amerikansk hald er det sagt at ein vil gjera Russland «varig svekket»?
Russarane er byrge av sigeren i andre verdskrigen. Han kosta store lidingar og 27 millionar menneskeliv. Det finst ikkje ein familie i Russland som ikkje vart råka. Denne kampen vil ein ha respekt for, og det er ikkje unaturleg at Putin ynskjer at Russland skal vera stormakt (jamfør Trumps «Make America Great Again»).
Men han har gått på ein kjempetabbe med åtaket på Ukraina, og det er all grunn til å fordøma regimet og krigføringa hans, Putin må hindrast i å okkupera Ukraina.
Sovjetunionen hadde òg eit uynskt regime og system. Men sigeren i andre verdskrigen gav makt til å etablera kommunistregime i dei austeuropeiske landa innanfor sfæregrenser som sigersmaktene hadde vorte samde om på Jaltakonferansen (eit ‘cordon sanitaire’, ifylgje historikaren Antony Beevor).
Men sovjetsystemet var ikkje i stand til å skapa ein effektiv økonomi. Landet var dårleg styrt, og i 1991 braut staten saman. Ein hadde aldri vore i stand til å føra nokon erobringskrig for kommunismen. Han utbreidde seg sjølv og er no godt etablert i Kina med eit effektivt styre. Dette utfordrar verdshegemoniet til USA, som vil vera «konge på haugen» – med ei enorm militærmakt og basar kring heile verda. No har USA vitja oss med verdas største krigsskip. Avisene læt godt om dette for ‘tryggleiken’ vår, som er ‘truga’ av Russland. Det lyt tola at USA er etablert heilt innåt landets mest sensitive militærområde. USA ville aldri tillata russiske basar nær sine grenser.
I dag er krig i høgare grad enn tidlegare avhengig av industriell kapasitet for å kunna produsera missilar i massevis. Krigføringa går føre seg med å øydeleggja fienden innanfrå, og krig kan vara lenge.
I høve 100-årsdagen vart Henry Kissinger intervjua av The Economist i åtte timar. Då fortalde han om sin politikk for å hindra krig. Han sa òg at dagens kinesiske leiarar «ikke ønsker seg noe slags verdensherredømme».
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.