JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Lege utan kunnskap

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2776
20240906
2776
20240906

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Media

Ofte glepp det ut påstandar som absolutt ikkje burde vore sagde, eller ein skriv avisartiklar utan å forstå effekten av sine eigne ord.

Trygve Hegnar gjer det på sin måte. I Finansavisen 16. august deler han frimodig ut diagnosar om kongefamiliemedlem Marius Borg Høiby under tittelen «Psykoen som sprenger kongefamilien». 27. august er han ute igjen med diagnostiseringa av Høiby. «Ekspertene får bruke den kunnskap de har om psykologi. Basert på alt vi har sett og hørt i Marius Borg Høiby-saken, har kongefamilien en psyko i sin midte.»

Tekstane handlar om Høiby, som er sikta for mellom anna kroppskrenking og skadeverk. Det er alvorleg å komme med trugslar og å slå ein kjærast. Det er alvorleg å ruse seg på kokain og miste kontrollen. Det er i grunnen mykje som er alvorleg og dumt. Å dele ut diagnosar utan kunnskap, til dømes.

Kvar dag kjem vi opp i situasjonar der vi er nøydde til å ta val, med dei konsekvensane det får for oss sjølv og andre involverte. Noko anna er reaksjonane til alle andre, dei i randsona rundt – og fridomen dei tek seg til å meine sterkt. Media, til dømes.

Høiby slit psykisk, seier han i ei uttale til NRK. Kva han lir av, veit eg ikkje. Det er i grunnen det same for meg. At det er ei plage for han, trur eg visst.

No og då spelar den psykiske helsa oss eit puss. Nokon møter ein berømt vegg, eller dei får påvist ein sjukdom som dei ikkje visste om. Mange får hjelp, og dei finn vegar ut av det som plagar dei.

Sjølv om fleire vel å opne seg om liv og erfaring, er psykisk helse framleis eit tabu blant mange. Kanskje ikkje så overraskande. Ikkje sjeldan blir orda «psyko» eller «psykopat» brukt nedsettande om menneske med avvikande åtferd, eller som ein generell karakteristikk av menneske vi ikkje har så mykje til overs for.

Språk er makt. Kva som er motivasjonen bak ordbruken til Hegnar, veit eg ikkje. Men når Hegnar endå ei gong omtalar kronprinsessesonen som «psyko» og «psykoen», deler han i same stunda ut nedsettande merkelappar på tusenvis av andre som slit psykisk. Slik gjer Hegnar terskelen for å opne seg endå høgare. Forstår han det?

Det tek tid å endre språk og språkbruk. Framleis er jøde, homo og psykopat alminnelege skjellsord. Og neger. «Eg meiner jo ikkje noko vondt med det», seier vi. Nei då. Legg gjerne til ordet «jævla», så nærmar du deg tonen blant mange. Er det innanfor?

Hovudet ditt er fullt av tankar som du ikkje alltid treng dele med resten av verda. Aller minst skrive. Kvifor gjer vi det då likevel? Fordi vi vil herse med andre? Eit ynske om merksemd? Eit ynskje om makt?

Vi kan gjere mykje for å skape ei betre verd. La oss byrje med språket.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Det er i grunnen mykje som er alvorleg og dumt. Å dele ut diagnosar utan
kunnskap, til dømes.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis