Lektorane – politisk upopulære
Lektorløn
Hovudproblemet for lektorane er at dei i årevis har vore politisk upopulære. Dei har for lang utdanning og er for dyre i drift. Arbeidsgjevarane har jakta på billegare løysingar. Dermed har det blitt stadig færre lektorar relativt sett, også i dei studieførebuande programma. Og verst for somme er det at lektorane har vore meir opptekne av fag enn av pedagogikk.
Jon Hustad si forteljing om «lektorar i solnedgang» (Dag og Tid 24.6) har ført til ein viss lektordebatt i spaltene. Som tidlegare lektorar og tillitsvalde kjenner vi oss att i mykje av Hustads framstilling. Vi har nokre utfyllande kommentarar både til lønna og til politikken.
Lønnsdebatt inneber oftast sjonglering med tal og statistikk. Lønnsomgrepet er dessutan fleirsidig. Snakkar vi om framforhandla regulativlønn eller om faktisk lønn som inkluderer faste og variable tillegg?
Begynnarlønna for lektor i 1977 (då vi starta som lektorar) var om lag 75.000 kroner i året. Det svarar etter SSB sin priskalkulator til om lag 377.000 kroner i 2021. Heldigvis er dagens begynnarlønn klart betre enn dette. Men den faktiske lønna var meir enn 75.000 kroner. På den tida var det framleis vanleg med faste overtidstimar. Ein overtidsprosent på 20–30 var ikkje uvanleg. Dei gamle gymnasrektorane skulle ha kvalifiserte folk ved skulane sine og brukte ofte overtidstimar til å dekkje over rekrutteringsproblem. Denne praksisen gav seg også utslag i vekst i lønnsstatistikken, men så i form av lønnsfall då overtidstimane gradvis fall vekk. Difor er det ikkje opplagt at lektorane sin faktiske lønnsvekst var så stor på 60- og 70-talet som Hustads artikkel tyder på. Ein god del handlar om overtidstimar. Men at det har vore eit relativt lønnstap over lang tid, er heilt klart.
Heller ikkje i dei lektorale glansdagane tidleg på 1900-talet gjekk det lektorane sin veg. Fleire tok utdanning, og det mangla lektorar. Men lektorane møtte alt på den tida det vi kan kalle ein omvend marknadsmekanisme. I staden for å heve lønna reduserte styresmaktene utdanningskrava. I så måte følgjer KS ein lang og skadeleg tradisjon når dei i årets oppgjer har nedprioritert lærargruppene med lengst utdanning. Og så lenge frontfagsmodellen – i praksis LO og NHO – styrer både lønnsutvikling og lønnsnivå, vil utdanningsgruppene i offentleg sektor bli hengande etter, enten lønna blir forhandla sentralt eller lokalt.
La oss ta med at omgrepa lektor med opprykk og lektor med tilleggsutdanning er misvisande. Desse kom som resultat av eit lønnstaktisk grep tidleg på 90-talet. For å gi rom for betre lønn til hovudfagslektoren blei det oppretta ein ny lønnskode, som ekskluderte nye lektorar med kortare utdanning. Det er altså lektoren med tilleggsutdanning som er den eigentlege lektoren!
Rundt tusenårsskiftet var det eit solformørkande skifte for lektorane. I skuggen av internasjonaliseringa og OECD-ifiseringa av utdanningspolitikken blei hovudfaget avvikla. Studietida var for lang og hovudfaget for forskingsprega (sic!), var bodskapen frå eit offentleg utval (Mjøsutvalet). Stortinget velsigna dette, og universiteta var meir opptekne av effektivisering enn av lektorutdanning. Protestar frå Lærarforbundet og lektorane blei ikkje lytta til. Rett nok sa dåverande utdanningsminister Kristin Clemet ved eit høve at ho ikkje utan vidare ville kalle den komande femårige masteren for ei lektorutdanning.
I Dag og Tid 17.6. skriv Helle Christin Nyhuus følgjande: «Norsk Lektorlag?vart stifta i 1997 som eit opprør mot nedvurderinga av faglege kunnskapar og ein anti-intellektualisme i skulen og samfunnet.» Dette er ei forklaring innpakka i glanspapir. Realiteten er at somme lektorar heldt seg for gode til å vere i organisasjonsfellesskap (Lærarforbundet) med kollegaer med anna utdanning, sjølv om dei delte arbeidsplass. Etter kvart blei dei mange nok til å etablere eit miniforbund. Seinare har Lektorlaget hatt ein viss medlemsvekst. Noko av årsaka ligg nok i at «lektor» langt på veg har blitt eit framandord i Utdanningsforbundet. Likevel er Utdanningsforbundet framleis det klart største lektorlaget.
Vi har ofte sans for fagpolitiske standpunkt frå nye Norsk Lektorlag. Men det er opplagt at organisasjonskløyvinga svekkjer lektorane. Lektorane – gamle og nye – bør difor samle seg og kjempe gjennom Utdanningsforbundet – både når det gjeld lønn og fag. Det vil definitivt vere ein styrke i den pågåande kampen mot KS. Og i dei kampane som kjem. Det er talande for situasjonen at Lektorlaget er i streik, visst nok utan å ha ein einaste medlem som streikar! I kva grad det endrar seg til hausten, står att å sjå.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik er tidlegare lektorar og tillitsvalde.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.