Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Lovas lange arm vert lengre

Vil Donald Trump bruke presidentembetet til å stille krigsforbrytarar frå andre land for retten i USA, har han no høve til det.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den syrisk-amerikanske bistandsarbeidaren Leyla Shweikani blei torturert og drepen i eit fengsel på flybasen Mezzah i Damaskus i 2016.

5712
20250117
5712
20250117

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Krigsbrotsverk

Lova er endeleg på plass, og USAs justisdepartement har alt teke ut tiltale mot to syriske offiserar. Lova og tiltalen representerer eit steg fram for krigens folkerett og bringar USA nærmare europeiske land på dette punktet.

Lang liste

Amerikanske styresmakter byrja etterforske Jamil Hassan og ein underordna, Abdul Salam Mahmoud, alt i 2016. Tiltalen vart offentleggjord like etter at Bashir al-Assad sat på flyet til Moskva. Dei to dreiv eit berykta fengsel på flybasen Mezzah utanfor Damaskus, der blant andre syrisk-amerikanske Leyla Shweikani vart torturert og drepen. Shweikani var opphavleg frå Chicago og arbeidde for ein humanitær bistandsorganisasjon då ho vart teken.

Shweikanis skjebne utløyste omfattande etterforsking frå dei amerikanske påtalemaktene si side. Den endelege tiltalen dekkjer overgrep som skjedde i fengselet i nesten åtte år, frå 1. januar 2012 til midten av 2019. Offera var amerikanarar, syrarar og personar med dobbel nasjonalitet. Ingen er namngjevne.

Kva som hende i fengselet, er skildra over tre lange, hjarteskjerande sider. Alle velkjende former for tortur vart tekne i bruk, og torturen skal ha vore systematisk. Hassan og Mahmoud er skulda for «samansverjing» til tortur – altså handlingar som var planlagde og organiserte over tid.

«Overgriparen må vere i USA for å kunne verte stilt for retten. Punktum.»

Lovas korte arm

USAs straffelov har lenge gjort det mogleg å straffeforfølgje tortur mot amerikanske borgarar (eller tortur utført av amerikanarar), same kvar torturen har skjedd. Men Kongressen la ikkje inn ei generell lov som gjaldt krigsbrotsverk før i 1996. Lova inkorporerte prinsipp frå internasjonal humanitær rett. Det var eit monaleg framsteg.

Det springande punktet, sa kritikarane den gongen, var mangelen på universell jurisdiksjon, altså inga avgrensing med omsyn til nasjonalitet eller kvar brotsverket vart utført.

Fleire statar, blant dei Noreg, har no lagt dette prinsippet inn i lovverket. Det inneber til dømes at ein person skulda for folkemord i Rwanda, kan verte stilt for retten i Noreg.

I USA frykta Kongressen at universell jurisdiksjon kunne trekkje USA inn i konfliktar der landet ikkje hadde nasjonale interesser. Nasjonale interesser vart definerte som situasjonar der amerikanske borgarar var involverte. Dersom utanlandske statsborgarar stod bak krigsbrotsverk, og dei var i USA, men offera ikkje var amerikanarar, kunne overgriparane i staden verte utviste med heimel i innvandringslova.

Slik gjekk det blant anna med nokre nazistar som reiste til USA etter andre verdskrigen.

Dåverande president Bill Clinton var til dels samd med kritikarane i at 1996-lova var for snever. «Vi burde ha eit breiare lovverk», sa han då han skreiv under.

Må vere til stades

Russlands invasjon av Ukraina i 2022 sette fart på amerikanske politikarar, også dei som arbeidde med lovverket om krigsbrotsverk. No var det på tide å gjere som Clinton hadde tilrådd, og eit nytt lovforslag kom på bordet. Det nye forslaget gav amerikanske styresmakter heimel til å rettsforfølgje krigsbrotsverk same kven som utførte dei, mot kven og kvar dei var utførte. Det er berre éin føresetnad: overgriparen må vere i USA.

Det er truleg minimale sjansar for at Putin eller andre sentrale personar i det russiske krigsmaskineriet endar opp i USA. Men lova, som vart vedteken 5. januar 2023, gjer det mogleg å ta ut tiltale. Ein lang offentleg tiltale med liste over krigsbrotsverk har politisk symbolverdi.

Det same gjeld tiltalen mot dei to syriske offiserane. Den lange torturlista taler for seg, anten Hassan og Mahmoud vert tekne eller ikkje. Kvar dei held til no, er ikkje kjent, og dei vil neppe reise frivillig til USA.

Hassan og Mahmoud har likevel grunn til å vere urolege. I motsetnad til europeiske land har USA sidan 2001 pågripe mistenkte terroristar internasjonalt på ein måte som utgjer statsdriven kidnapping. CIA har samarbeidd med etterretningstenester i andre land for å identifisere, arrestere, avhøyre – ofte med tortur – og overlevere personar som skal ha vore tilknytte Al-Qaida, til USA. Praksisen var så utbreidd at det fekk eit eige namn: rendition. Det er for alltid knytt til USA.

Ordlyden i 2023-lova om at ein må vere til stades, er utvilsamt nøye vald, seier analytikarar. Overgriparen må vere i USA for å kunne verte stilt for retten. Punktum. Korleis han eller ho kom dit, er ikkje relevant.

Eit unntak

Kongressen heldt litt igjen då dei vedtok 2023-lova. Dersom ein ikkje-amerikanar skal verte stilt for retten for krigsbrotsverk i USA, må justisministeren stadfeste at dette ikkje strir mot USAs «nasjonale interesser». Politiske interesser skal altså i siste instans overstyre juridiske vurderingar.

Kravet om sertifisering vil i dei fleste tilfella ikkje vere naudsynt. Personar som Hassan og Mahmoud – torturistar for eit regime USA lenge har behandla som motstandar – vil lett bestå testen.

Representantar for venlegsinna statar og allierte som besøker USA, kan sikkert reise trygt, sjølv om andre instansar har skrive ut ein arrestordre på dei. Statsminister Benjamin Netanyahu var på statsbesøk i Washington i juli 2024 og kan nok kome tilbake utan å verte arrestert – spesielt med Trump i Det kvite huset.

Kva betyr så dei siste endringane i USAs forhold til krigsbrotsverk? Avveginga mellom folkeretten og politiske interesser er ein lang og komplisert del av USAs historie. Den siste fasen i tautrekkinga gjev folkeretten eit ørlite forsprang. Enn så lenge.

Astri Suhrke er statsvitar og emerita ved Chr. Michelsens Institutt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis