Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Luther og overtru

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3569
20171215
3569
20171215

RELIGION

Verken i Dag og Tid eller andre aviser har det vore mykje kritisk lys på Martin Luther i dei mange jubileumsartiklane. Det er kulturberaren som blir framheva, reformatoren med ein demokratisk visjon – velferdssamfunnet vårt er nærmast eit resultat av Luthers prosjekt.

I Klassekampen i haust skreiv Gert Nygårdshaug om kristen dogmetru som overtru. Helge Hognestad og andre oversåg dette. Dei skreiv om sjel og ånd og kristendommens gode verdiar. Menighetsrådsmedlem Astrup Thoresen avviste blankt «Den uopplyste teologi som fremdeles gjelder på papiret (…)».

Men Luthers katekisme gjeld, ikkje berre på papiret, ho lyder i kyrkja jamt. Til konfirmasjonen på 1900-talet måtte trusartiklane puggast. På 1800-talet var det verre. Ei Forordning frå 1736 kravde at konfirmanten skulle «fatte den Bokstavelige Mening af de fornødenste Troens Artikler». Den som ikkje kunne ramsa opp uforståelege dogme, kunne bli utestengd frå den lovpålagde konfirmasjonen, som var ein føresetnad for både ekteskap og arbeidskontrakt.

Muslimsk dogmatikk krev tru på dommedag, englar og «profetenes ufeilbarlighet». Gud «skapte himmel og jord» ifølgje vår 1. trusartikkel. 2.: Jesus «for ned til dødsriket» (gresk mytologi?), livna til og «for opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud Fader», og skal koma att. I den 3. artikkelen trur me på «oppstoda av lekamen og det evige liv».

Er det dette Thoresen kallar «den uopplyste teologi»? Kva tenkjer moderne teologar om ordlyden i den evangelisk-lutherske trusvedkjenninga? Det verkar som mange overser at «den Bokstavelige Mening» finst. Men det er denne norske barn får lagt fram for seg.

Den kannibalistiske nattverden er ei anna sak. Kristus er «til stede og gir sitt legeme og blod i brød og vin». Også i Den anglikanske kyrkja er dette «substansielt, reelt og korporlig». Calvin ønskte å sjå det symbolsk, og Zwingli hevda visst at ingen eigentleg trudde at Kristi blod og lekam var til stades i sakramentet, noko som opprørte Luther sterkt. Luther dømde nord og ned alle reformatorar som ikkje meinte nett det same som han. Vår kyrkje er luthersk.

Djevelen var ein realitet for Luther. Han trudde på hekser og inspirerte til hekseprosessar. I ei preike over 2. mosebok i 1526 skal han ha sagt: «De kan nemlig stjele melk, smør og alt annet fra et hus, ved å melke et håndkle, et bord eller et skaft samtidig som de sier et eller annet trylleord og tenker på en ku.» Ja, er det ikkje eit mirakel, så må det visst vera overtru!

Mange som ønskjer modernisering av islam, gløymer bokstavtrua i Den norske kyrkja og overser at trusartiklane framleis er lære i skule og kyrkje. Spørsmålet er: tru og/eller overtru og hykleri. Trur ein det, er det vel overtru. Held ein det fram som sanning, men eigentleg ikkje trur på det, er det hykleri. Luther: «Bøndene er udyr. De tror at vi selv har pønsket ut den religionen vi preker. Men når man eksaminerer dem, svarer de ja og amen, selv om de ikke tror noe av det.»

For 140 år sidan heldt Bjørnson fordraget «Å være i sannhet». Vågde me berre å seia det me tenkjer, då ville samfunnet vore sunt, meiner han. «Men just fordi her forties noget, (…), forfuskes vi i Viljen, i Aabenhed og Sandhed og fordærves allerede som unge Mennesker i vort Ædleste.»

Mange lærarar og prestar underviser om dogme dei ikkje trur på sjølve. Hykleriet er institusjonalisert. Kva verknad slikt bigotteri har på dei unge, det kunne vore emne for ein verdikommisjon. Det var ikkje Luther som utforma trusvedkjenninga. Til avlat kunne han ha trunge likevel.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.

Foto: Anne Valeur

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Fugl føniks

Hayden Powell har brukt ventetida godt.

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis