Målpolitisk meiningsberande?
Nynorsk
At nynorsk er eit kulturmål, er godt synleg i Dag og Tid. Dag og Tid held oppe og hevar det nynorske kulturnivået kvar veke. Det har sjølvsagt ansvarleg redaktør Svein Gjerdåker rett i, det vil seia når han i svaret sitt (27. august) på lesarbrevet mitt (6. august) poengterer at avisa legg vekt på å skriva både godt og korrekt. Det kunne eg ha framheva, for eg gler meg au over det. Eg takkar dessutan for påminninga om at journalist Håvard Rem har skrive framifrå frå dialektreisene sine, og for at Gjerdåker vil ta «innspelet» frå meg til seg.
Likevel: Meininga med lesarbrevet mitt var å problematisera at Dag og Tid helst ser bort frå at kulturmålet nynorsk au er eit politisk mål og eit politisk føremål. At Dag og Tid ikkje har syn for det, er ordlagt i og med «den redaksjonelle lina» som Gjerdåker sjølv viser til; den om at avisa er «på nynorsk, ikkje om nynorsk.»
Dette valordet fører til at Dag og Tid aldri skriv ein kritisk eller undersøkjande artikkel om noko som helst i Noregs Mållag eller i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Om andre målpolitiske aktørar? Aldri? Aldri. Det fører au til at Dag og Tid ikkje analyserer kvifor og korleis det store fleirtalet av dei statlege lærestadene held fram med å bryta mållova grovt, og kvifor og korleis det går ut over lærarane, studentane, elevane og ... nynorsken. Det inneber at Dag og Tid så nær som aldri tek opp sosiolingvistiske emne. Det gjer at Dag og Tid heller ikkje framfor dette stortingsvalet spør om nynorsken har noko politisk å fara med, til dømes som maktfaktor i distrikts- og regionalpolitikken.
For hadde Dag og Tid gjort det og meir til, «kunne den einaste riksavisa på nynorsk fort vorten dominert av målpolitisk stoff», skal me tru Gjerdåker. Hadde avisene Vårt Land, Nationen og Klassekampen tenkt redaksjonelt som Dag og Tid, kunne dei ikkje ha fylt sidene sine med kritisk og undersøkjande journalistikk innanfor spesialområda sine, høvesvis om kristne organisasjonar, andre trudomssamfunn og livssynssaker, om bondelag, matvaretryggleik og landbrukspolitikk, og om arbeidsliv, vegar til sosialismen og vegar bort frå kapitalismen. For då hadde jo desse tre meiningsberande avisene for dette stoffet fort vorte dominerte av dette stoffet …
Spørsmålet er såleis dette: Meiner Svein Gjerdåker at me treng ei riksavis som jamt og trutt er meiningsberande og medverkande om målpolitiske emne? Kvifor kan i så fall Dag og Tid ikkje vera den avisa? Eller kan ho det?
Erlend Bakke
er medlem i Noregs Mållag.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Celeste Dalla Porta spelar hovudrolla som Parthenope, som i gresk mytologi er ei sirene.
Foto: Arthaus
Årets dårlegaste?
Verken innhald eller bodskap gjev meining i Paolo Sorrentinos siste rampestrek.
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.