Meir praksis i skulen?
Diktaren Nils Kjær (1870-1924) seier at skulen skal ha fag som har verdi for eitkvart menneske i eit kvasomhelst yrke i framtida.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Skule
Underteikna er usamd i at praktisk læring skal inn i alle fag.
Når det gjeld kva som bør lærast, både i grunnskulen og i den vidaregåande skulen, er eg samd med det diktaren Nils Kjær (1870–1924) skriv i epistelen «Et brev om æstetik».
Han skriv: «[Skulen] skal ikke utdanne fagmenn av den enkle grunn at hver elev isåfall måtte få sin egen klasse, da det vel umulig kan forutsettes at alle av samme kull skulle være skikket til samme livsgjerning.»
Han seier vidare at skulen skal ha fag som har verdi for eitkvart menneske i eit kva som helst yrke i framtida.
Slike fag er morsmål, naturkunnskap (her kjem matematikken inn), historie og kulturspråk.
Skulen skal ta omsyn til at eit menneske først og fremst tilhøyrer naturen, dernest sivilisasjonen, og etter det til eit bestemt folk.
Når evnene er mogna, skal mennesket velja leveveg.
Det at elevane skal spesialisera seg frå grunnskulen av, meiner eg er feil.
Derfor er det svært viktig at fagkrinsen er så vid at den for kvar einskild elev vert ei veksling mellom lette og vanskelege fag, skriv Kjær vidare.
Den som tykkjer historie og språk er morosame fag, får slita med matematikken.
Slepp dei matematikken, misser dei morosame faga ein del av sin sjarm, skriv han vidare.
«Slik er engang menneskenaturen, og det er bare misforstått mamma-ømhet at ville ha gutten sin fritatt fra alt, hva der ikke går i ham som fot i hose.»
Læra om verdien av det unyttige, verdien av det som ikkje kan kjøpast og seljast, er det som gjer oss menneske til noko meir enn ei transitthamn for fødemiddel, seier han.
Nils Kjær tenkjer nok mest på elevane i vidaregåande skule i epistelen sin, men eg synest mykje høver i grunnskulen òg.
Elevane må fritt koma med ynskje, men det heile kokar ned, som i all oppseding, til kven det er som skal ta ansvaret og avgjerdsla.
Andi Hjeltnes er pensjonert lærar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement
«Øving er ei form for arbeid, og sanneleg heng øva etymologisk saman med latin opus (‘arbeid, verksemd’).»
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Grinda kjem!
I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.
Filmen følgjer Lunies-familien, som har vore splitta i lang tid.
Foto: Selmer Media