Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Namnet Hespriholmen og Tors-mytologien

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hespriholmen utanfor Sunnhordland.

Hespriholmen utanfor Sunnhordland.

Foto: Per Anders Todal

Hespriholmen utanfor Sunnhordland.

Hespriholmen utanfor Sunnhordland.

Foto: Per Anders Todal

2688
20180105
2688
20180105

STADNAMN

Takk for fin artikkel om grønsteinsbrotet på Hespriholmen utanfor Sunnhordland i DT 15. desember. Eg har lyst til å føye til nokre ord om namnet Hespriholmen som Todal ikkje går inn på. Føreleddet er husbrei(e), hesbrei(e), av gammalnorsk húsfreyja, som tydde husfrue, ektekone. Men namnet er knytt til ein snau holme i havet, der husfruer ikkje var særleg ofte. Forklaringa må liggja i to ting fleire har peika på.

Den eine er gamle førestillingar om at lynet som slår ned med eit brak, «fremkommer ved, at en sten fra himmelen farer ned mot jorden» og borar seg ned i bakken (Blinkenberg 1909: Tordenvåbenet i kultus og folketro, s. 33) – og at det særleg var steinøksar ein tenkte seg i denne rolla. Jamfør at steinøksar i tradisjonell dialekt kunne kallast torebløyg (-blei, kile), torestein og dynestein (der dyn = dønn, brak), på svensk tor(en)kil, tor(en)vigg m.m. Denne trua kunne dermed forklare steinøksane folk stundom fann i jorda, som det må ha vore vanskeleg å forstå etter steinalderen, før arkeologien kom med dagens forklaring. Samtidig kan desse førestillingane truleg forklare at hammaren til Tor er eit kastevåpen, endå kastehamrar ikkje er kjende frå Norden (Blinkenberg s. 62). Det er nemleg grunn til å tru at desse førestillingane er eldre enn førestillingane om torshammaren, fordi dei er vidt spreidde og omtala i antikke kjelder. Når dette komplekset ikkje direkte er nemnt i dei norrøne mytologiske tekstane, kan det vera fordi dei er frå Island, der torevêr er uvanleg og steinøksar ikkje finst i jorda.

Det andre momentet i forklaringa er at torebraket i folketradisjonen personifisert kunne omtalast som hokjønn: Tora, husbreia, go(d)mor (Sverige) o.l., på same måte som gubben, gobonden osb. I dei norrøne kjeldene er det eintydig ein mann, Tor, som står bak torebraket, men hokjønnsforma kan truleg forklarast ut frå (meiner eg) korleis ordet Tórdyn utvikla seg etter gammalnordisk tid. Dagens ord torden er (skriftuttale av) den danske forma, medan ordet i dialektane gjerne er tora, som jo er identisk med kvinnenamnet Tora (eventuelt toLa, med tjukk l, som kan oppfattast som hokjønnsform av mannsnamnet Tord, ToL). Då er vegen kort til å tenkje seg ei handfast dame bak torebraket. Dei lydovergangane som fører til tora (og toLa), er det vanleg å tidfeste til 1400-talet.

Etter alt å døme er namnet Hespriholmen altså yngre enn 1400–1500-talet og viser at folk i distriktet assosierte holmen med steinøksar (kanskje hadde dei funne grovhogne emne der), og at dei forklarte steinøksar som resultat av lynnedslag.

Eldar Heide er fyrsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det virtuelle Unesco-museet for stolne kunstobjekt vil vise tredimensjonale modellar av gjenstandar som er skjulte på den illegale kunstmarknaden.

Illustrasjon: Kéré Architecture

Samfunn

Der krim møter kunst

Kulturskattar av uante verdiar er stolne og fjerna frå samfunna dei høyrer heime i. I løpet av året vil vi kunne sjå ein del av dei, i eit nytt virtuelt museum for stolne kulturminne.

Christiane Jordheim Larsen

Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.

Foto: Eivind Senneset

BokMeldingar
Odd W. Surén

Dei førehandsdømde og samfunnet

Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.

Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.

Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB

Ordskifte
Thomas Mo Willig

Fotball og laksediplomati

Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.

Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.

Foto: Michal Walusza / Fide

KommentarSamfunn
Atle Grønn

Ingen vaksne heime

Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.

Ein kosmetisk klinikk i Miami i USA reklamerer for såkalla BBL-behandling, der filler blir injisert i rumpa.

Foto: Ellis Rua / AP / NTB

HelseSamfunn

Ein bransje full av skrukkar

2025 blir eit rekordår – også for fiksing av fjes. Noreg er eit av få land i verda der styresmaktene ikkje bryr seg med kven som injiserer kva.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis