«Navigare necesse est»
Forlis
Forsvarsministeren mislikar utidige spørsmål om den sørgjelege heimferda til KNM «Helge Ingstad». «Vent med spekulasjonar til alle fakta er på bordet – kanskje til neste år.» Greitt nok. Men ingen statsråd eller admiral kan hindre oss i å hente relevante kommentarar i litteratur og historie. Bergensaren Ludvig Holberg har – på mirakuløst vis – gitt sitt bidrag alt for 300 år sidan i skodespelet Den politiske kannestøper: «Et er søkart at forstå, et annet er et skib at føre.» Så eit langt hopp bakover til det gamle Romarriket. Hærføraren Pompeius skulle segle tilbake til Roma frå Egypt med skip fullasta med korn. Mannskapa ville nekte å legge utpå ettersom det laga seg til uvêr på «mare nostrum». Men ein sigerrik hærførar kunne ikkje la seg stanse av ein fillestorm på «eige hav» – på veg til seremonielt triumftog i Roma, og sa: «Å segle er nødvendig, å leve er ikkje nødvendig.»
Litt hybris på kommandobrua – i trass mot lunefull Neptun? – KNM «Helge Ingstad» hadde meir hell med sine vêrgudar på heimveg til basen etter vellykka krigsleik. Roleg sjø, flau vind, fleire navigatørar på brua, lys «på land» i sikte – full kontroll. Rett nok litt babling på radio om kollisjonskurs – eit forstyrrande element. Men ikkje nok til å øydelegge den gode stemninga. Uendra kurs og fart. Så: kollisjon! Men – hell i uhell – dyktig navigasjon set skipet på grunn, i stabilt sidelægje. Med sikring av vaierar til boltar bora ned i norsk grunnfjell. Her tek me eit raskt sidesprang til Henrik Ibsen: «Kan hende jeg seiler min skute på grund: men så er det dog deilig å fare.» Full kontroll!
Men botnsolid grunnfjell syner seg svikefullt. Tysdag 13. november blir durabel blåmåndag når skipet søkk. Kva no – kadettar og kontreadmiralar? Tankane tek kanskje ein (hemmeleg) snarveg til dagens høge oljepris. Oljefondet har bikka 8000 milliardar. Får ny fregatt for maks 5. Så kan ein i farten gløyme at eitt nytt fartøy vil sluke heile neste års forsvarsbudsjett. (Full) kontroll.
Den aller beste kommentaren fann eg i ei stripe frå teikneserien «Knøttene» for mange år sidan, på engelsk. Smårollingane er åleine heime og merkar mystiske lydar frå ein annan stad i huset. Stiltrar seg så frå rom til rom for finne inntrengaren. No viser det seg at det berre er ein av deira eigne som har romstert. Konklusjonen er klar: «We have met the enemy, and he is us.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.