Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Nordland og Noreg i den grøne vendinga

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3275
20220805
3275
20220805

Kraft

Takk til Dag og Tid for at dei løfta fram Nordland som episenter for den grøne vendinga tidlegare i sumar, men analysen vaklar på ein del punkt (Dag og Tid 8. juli).

Det er spennande å vere fylkesråd for plan og næring i Nordland for tida. Og når Dag og Tid peikar på vår region som episenter for «den grøne oljen», så kunne eg ikkje sagt det betre sjølv. Nordland ber i seg svaret på sentrale delar av den grøne omstillinga sine løysingar. Felles for dei alle er at dei krev store mengder kraft, her er det Nordland skil seg ut. Vi har eit kraftoverskot som no vil bli sett i arbeid mellom anna i samband med etableringa av battericellefabrikken Freyr på Mo i Rana. Så langt er vi samde. Men lat meg korrigere nokre sentrale punkt.

For det første, om ein skal ta føre seg eit av historia sine døme og samanlikne med det som skjer i dag, så må ein bruke like storleikar. Hustad samanliknar regjeringa sin skipseksportpolitikk på 1970-talet med det som no skjer i Nordland i samband med at vi elektrifiserer Noreg og Europa. Han nemner ikkje at dei fire milliardar kronene som staten garanterer for, vil sikre Noreg sin plass i denne grøne industrirevolusjonen som no viser seg med full tyngde. Alternativet er å bli liggjande etter.

For det andre blir problematikken knytt til manglande arbeidskraft trekt fram. Her overser ein heilt dei NOU-ane som kom i 2020, demografiutvalet og utvalet som kartla næringslivet i distrikta sine rapportar, som seier at om vi ikkje skaper kompetansearbeidsplassar i distrikta våre og gjer dei om til attraktive stader for folk å bu, så vil dei ikkje vere meir i løpet av berre nokre få år. Freyr investerer no 17 milliardar kroner i vår region. Kva er då alternativet? Å sitje still i båten, knyte for garantiane og slik parkere store investeringar som vil berge ikkje berre ein kommune, men ein heil region og setje nasjonen på verdskartet? (Å samanlikne ein battericellefabrikk med eit datasenter er umogleg, all den tid den første bringar fram mykje fleire lokale arbeidsplassar, og heller ikkje SAS, for Freyr er del av ei grøn global strukturendring, ikkje eit selskap i naud.)

For det tredje er problemet ikkje lenger at om krafta vert teken i bruk, så vil vi få behov for å produsere meir. Den grøne omstillinga vil krevje ikkje berre meir kraft i visse områder, vi må belage oss på å produsere meir kraft over heile Noreg framover. Endå ein gong er det ikkje passivitet som vil løyse noko som helst. Vi må møte dilemma knytte til prioriteringa av areal, produksjonsformer – og den grøne vendinga sine løysingar – med klokskap. Ei av løysningane er definitivt battericeller.

Det vi må gjere no, er å hente mineralar og metall ut av fjella på ein måte som sikrar den samiske befolkninga og naturen. Den grøne industrielle revolusjonen krev historisk mange av desse ressursane; ein kan ikkje bruke mobiltelefon eller PC utan, og heller ikkje produsere grøne batteri, men i dag er det Kina og Russland som forsyner oss med råstoffa. Her ber òg Nordland i seg svar med sine rike naturressursar, medrekna sjeldne jordartsmetall.

I Nordland er, som Dag og Tid påpeiker, den grøne vendinga in the making.

Linda Helén Haukland er fylkesråd for plan og næring i Nordland (KrF).

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis