Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Norsk kraftpolitikk på villspor

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2823
20220805
2823
20220805

Energi

Dei siste to regjeringane har ført norsk elkraftsituasjon inn i eit sørgjeleg uføre. Dette byggjer på tre hovudfaktorar:

1. Solberg-regjeringa vedtok med støtte frå Ap å leggja norske elkraftresursar i hendene på Acer (2018). Noreg kan etter det ikkje velja å halda tilbake kraft til eige bruk.

2. I 2019 og 2021 har regjering og Storting late setja i drift nye kraftkablar både til Tyskland og til Storbritannia. Desse nye «motorvegane» for elkraft auka kapasiteten med fleire titals terawattimar (TWt) i året. I praksis er nå det sørnorske kraftnettet fullt samankopla og samkøyrt med Storbritannia og Tyskland/EU sine nett.

3. Den norske kraftproduksjonen på ca. 120–140 TWt i året er småtteri mot kraftproduksjon og forbruk i Europa. Det norske tilskotet av elkraft har altså ingenting å seia for prisnivået (Noreg sin rekordhøge nettoeksport var i 2021 berre 17,6 TWt).

Som følgje av dette blir prisen på norsk kraft i røynda fastsett etter auksjonsmetoden, der Nordpool fungerer som ein virtuell auksjonshall. Her blir også elkraft frå andre land, inkludert Tyskland, bydd fram. Resultatet er faktisk at dei som sel krafta til deg og meg, må by på og så kjøpa tilbake den norske elkrafta på ein europeisk auksjon (og tilsvarande i Storbritannia). Sidan vesle Kraft-Noreg som sagt er ein sporv i tranedans i europeisk samanheng, blir prisnivået ganske enkelt europeisk.

Dette blir tydeleg når me ser på det nordnorske prisnivået. Det er for liten kabelkapasitet mellom Nord- og Sør-Noreg til at nordnorsk kraft kan nå fram til «auksjonshallen» Nordpool. Ingen må la seg lura til å tru at prisnivået i Sør-Noreg vil gå ned dersom nye kablar vert bygde mellom sør og nord. Det einaste som vil skje, er at kraftprisen i nord vil bli bortmot tidobla.

Endå verre: Sidan dei to siste regjeringane har late EU-organet Acer overta styringa med norsk krafteksport, vil me nå risikera å måtta eksportera kraft til vassmagasina går tomme. Naudbremsa har regjeringa gitt ifrå seg. Olje- og energiminister Terje Lien Aasland (Ap) oppmodar nå kraftprodusentane å visa måtehald. Dette er ord utan innhald. Det er ikkje kraftverka som skal sikra tryggleiken for norsk kraftforsyning ­– det er det regjeringa og Stortinget som skal gjera.

Me ser alt at land i EU (som Tyskland) nå tek nasjonale steg for å unngå straumstans. Dette må Noreg også gjera. Skal det bli styr på kraftproduksjon og kraftpris, så folk unngår straumstans i vinter og industri, landbruk og tenestenæringar får levelege vilkår, må Acer-avtalen seiast opp. Når me nå ser på kor store innhogg Acer har gjort i norsk sjølvråderett og økonomi, er det klart at Stortinget sin metode med å vedta Acer med simpelt fleirtal var grunnlovsstridig. Derimot kan Acer-avtalen seiast opp med simpelt fleirtal.

Set i gang!

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis