Norsk Ordbok a–h i søkbar utgåve
Språk
Håkon Remøy etterlyser i Dag og Tid 2.11.2018 elektronisk tilgjenge til heile den prenta utgåva av Norsk Ordbok. Vi som no har ansvaret for Norsk Ordbok, set pris på at det i framlegget til statsbudsjett for 2019 er ført opp to millionar til digitalisering og modernisering av ordboksverket. Det er òg gledeleg at andre ordbokstiltak er tilgodesett i budsjettframlegget, likeins at Nasjonalbiblioteket skal få ti millionar til digitaliseringstiltak. Samla sett vil dette gje norsk språkstyrking og språkteknologi ein monaleg framskuv, og for vår del er planleggingsarbeidet i gang.
Målet for heile arbeidet er å gjera Norsk Ordbok som heilskap digitalt tilgjengeleg med oppdatert innhald. Alfabetbolken i–å er elektronisk tilgjengeleg via nettsida til Språksamlingane ved Universitetet i Bergen (http://no2014.uib.no/perl/ordbok/no2014.cgi). Nett korleis faksimileutgåva av Norsk Ordbok a–h skal koma på plass, er enno ikkje avgjort. Det er rett at Nasjonalbiblioteket har skanna to band og nokre hefte, og i Språksamlingane arbeider vi mot ei løysing som gjev høve til å søkja så nøyaktig i teksten til Norsk Ordbok a–h som mogeleg.
Revisjon av eit vitskapleg ordboksverk krev kvalifiserte redaktørar. Det totale arbeidet med digitalisering og modernisering er kostnadsrekna til rundt 200 millionar 2018-kroner over ti år. Dette er nøkternt rekna det som trengst for ein innhaldsrevisjon av 40 prosent av ordboksteksten. Dei to millionane på budsjettet for 2019 skal brukast til førebuing og tilrettelegging av det samla arbeidet. Søknaden for 2018 om midlar til Norsk Ordbok listar opp fleire tiltak som gjeld betre ressursutnytting, og søknaden vil langt på veg styra kva som blir prioritert, målt mot kva som er mogleg å få til innanfor løyvinga.
Vi er glade for at Høgskulen i Volda samarbeider med oss om å realisera det store arbeidet som ferdiggjering av Norsk Ordbok er. Slike innspel som Håkon Remøy gjev oss, viser at Norsk Ordbok har ei interessert og kompetent brukargruppe som vil gje oss verdfulle impulsar i dette arbeidet.
Peder Gammeltoft og Johan Myking er fagleg leiar og styringsgruppeleiar ved Språksamlingane,
Universitetet i Bergen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.