Observatør frå ein framand kultur
Walid al-Kubaisi fortel ei sanning som burde få oss norske til å tenkja oss om, skriv Hallvard Hegna.
Foto: Håvard Rem
Kultur
I Dag og Tid 2. februar hadde Svein Gjerdåker eit interessant intervju med Walid al-Kubaisi. Han er frå Irak og er 60 år, men han har vore i Noreg halve livet sitt, og han er ein «assimilert» innvandrar i landet. Walid meiner denne nemninga er betre enn «integrert», som har tydinga «tilpassa». For han vil alltid vil kjenna seg knytt til sin eigen kultur, men dette hindrar han ikkje i ogso å vera ein elskar av norsk kultur, som han har gjort seg godt kjend med: heile den norske kulturarven – frå Henrik Wergeland og Ivar Aasen.
«Eg elskar nynorsken, det er språket til englane. Eg har teke til å tru at norsk poesi i framtida må skrivast på nynorsk», seier han. «Det er noko med klangen som er uslåeleg.» Det er flott å høyra dette. Men Walid er pessimist, som alle kan verta når ein tenkjer på haldninga som rår i dag.
For Walid seier òg: «Eg er lei meg for motstanden som nynorsken har opplevd. Men eg veit grunnen: Nordmenn har ikkje tru på seg sjølve og eigen identitet, og dei har gløymt opphavet sitt. Dei har til og med gløymt Ibsen, Wergeland, Vinje og Garborg.» Ja, dette seier ein observatør frå eit fjernt land, ein som veit kva det er å ha ein kultur.
Svein Gjerdåker seier at han ikkje lika Walid al-Kubaisi før han vart kjend med han. Dette er ikkje Walid overraska over. «Det er mange som ikkje likar meg, som ikkje likar at eg er så direkte», seier han.
Dette tykkjer eg er positivt ved Walid al-Kubaisi. Han fortel oss ei sanning som burde få oss norske til å tenkja oss om. Me hadde ein kultur, ogso her i landet, ein kultur som folket kjende.
I 1945, då Arnulf Øverland var heimkomen frå fangeår i tysk konsentrasjonsleir, sa han:
«Vi har gjennemlevet en prøvetid på fem år, og vi har holdt den ut. Det norske folk tålte den. Det skyldes blant annet en del diktere, hvis arbeide har båret frukt gjennem lange tider, men aller mest i disse fem årene.» So nemnde han dei diktarane me har gløymt.
Eg var tolv år i 1940 og kan stadfesta Øverlands ord. Å syngja med elevane var ei sjølvsagd plikt for alle lærarar, og den norske songskatten var eit sentralt fag på lærarskulane. Song med elevane var eit kjennemerke på den norske skulen. Folket skulle ha noko med frå skulen – noko for livet! I desse dagar vert det klaga – ein veit ikkje lenger kva norsk kultur er.
4. mars fekk song i skulen stor omtale i Klassekampen og Vårt Land: «Songen har stilna i skulen». Spør norske elevar i dag om dei kan songane «Løft ditt hode, du raske gutt» og «Mellom bakkar og berg». Kunnskapsministeren lova i Aftenposten at det skulle verta song att som i gamle dagar. Korleis skal dette verta mogeleg når grunnlaget er fjerna frå lærarutdanninga?
Walid al-Kubaisi, som har muslimsk bakgrunn, har òg teikna eit klokt og gripande bilete av Jesus (i Klassekampen) – annleis enn prestar talar om han. Det er vondt å høyra at Walid no er alvorleg sjuk. Han er ein innvandrar me må vera takksame for.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.