Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Om å rette bakar for smed

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjonsfoto: Alex Domanski / NTB scanpix

3313
20180629
3313
20180629

EUROen

Økonom Olav Hauge kjem med nokre merkelege påstandar mot meg i Dag og Tid 22. juni, i eit innlegg om at eg rettar bakar for smed når eg kritiserer Paul Krugman for ikkje å freiste å forstå kvifor italienske veljarar vel som dei gjer. I tillegg skriv Hauge som om eg har sagt at norsk økonomi er mislukka. Eg skreiv ikkje noko om Noreg i min kritikk mot Krugman 8. juni, og slett ikkje om at me skulle ha selt olja på rot ein gong i tida for å bli kvitt statsgjelda. Kva er dette for noko tull? Eg skreiv om det Krugman sa om Italia og euroen, og om italienske veljarar.

Tek me det siste fyrst, skriv Hauge at EU valde ikkje å respektera veljarane i eigne demokrati som stemde ned «EU-grunnlova» i 2005. Men var det ikkje nett det dei gjorde? Det vart aldri nokon europeisk konstitusjon, slik dei EU-venlege politiske elitane i EU-landa ynskte. Veljarane dei representerte, ville ikkje ha det. Det respekterte dei politiske leiarane og vart i staden einige om ein revisjon av det tradisjonelle mellomstatlege traktatgrunnlaget der målet var å integrere dei einskilde medlemsstatane tettare i dei politiske avgjersleprosessane.

Så til det evige spørsmålet om ein sams valuta, euroen. Igjen må eg minne Hauge og andre økonomar på at pengar er noko vi betaler med for varer og tenester. Pengar kan òg sparast eller investerast i bedrifter og arbeidsplassar, men dei er i alle høve ikkje primært til for sentralbanksjefar og politikarar. Tvert om har det vel vore slik at når politikarane opp gjennom historia har nytta pengar som politisk instrument, har det ofte gått reint gale.

Å nytta Noreg som døme på at det å vere fri frå krava i euroen syner kor godt det kan gå med land og folk, er kanskje noko spesielt i samband med denne saka. Om eit land verkeleg tilfredsstiller alle krava i euroen som andre land slit med, er det Noreg. Heldigvis har me politikarar som forstår at skal eit lite land med ein open økonomi i verdsperiferien ha eit vel fungerande næringsliv med trygge arbeidsplassar, må dei drive ein økonomisk politikk som er stabil og gjer næringslivet konkurransedyktig.

Å seie at ein felles valuta ikkje går an å ha i «så ulike land som i EU i dag», er som å seie at me ikkje kan ha sams valuta i land med for store økonomiske skilnader. Men det går fint i Noreg, Hauge, sjølv om bruttoregionalproduktet i Oslo er meir enn dobbelt så høgt som i Hedmark og Oppland, og utan at me driv nokon spesielt aktiv penge- og finanspolitikk mellom dei to regionane.

Å trekkje fram norske devalueringar som døme på kvifor norsk økonomi har gått så godt, slik Hauge gjer, ville nok ikkje eg ha gjort om eg var økonom. Eg trur heller ikkje formelen på den norske økonomiske suksessen ligg i utanlandske låneopptak og auke i offentlege budsjett.

Eg trur norsk økonomi går bra fordi me har funne olje og gass i Nordsjøen, som me har utnytta med hjelp frå utlendingar og med gode og stabile politiske rammetilhøve, samstundes som me har nytt utruleg godt av å vere med i EUs indre marknad gjennom EØS-avtalen. Noreg er ein del av unionssamarbeidet i Europa, me fylgjer reglane i EUs indre marknad og euroen mest til punkt og prikke, me veit det berre ikkje sjølve.

Jan Erik Grindheim er statsvitar i Civita og fyrsteamanuensis ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis