Ønskekonserten og nynorsk populærmusikk
Midt i 1950-åra gjorde Torhild Lindal nokre gode innspelingar av songar med nynorsk tekst.
Foto: Oslo Museum / Wikipedia
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Musikk
Den uunnverlege spalta til Andreas Skartveit vekkjer gamle minne til live hos meg når han skriv om Ønskekonserten (Dag og Tid 25. november), eit program me alltid høyrde på om måndagskveldane i min barndomsheim.
Det var i den tida radioen var eit møbel, og attåt som ein familiemedlem å rekne. Sidan Skartveit nemner at Alf Prøysen og Nora Brockstedt song «Tango for to», vil eg gjerne minne om eit namn til: Torhild Lindal. Midt i 1950-åra song Fredrikstad-jenta ikkje berre «Tango for to» i lag med Prøysen, ho gjorde nokre gode innspelingar av songar med nynorsk tekst.
Etter at «Tango for to» av Alf Prøysen og hans trufaste komponist Bjarne Amdahl blei lansert av Nora Brockstedt i radioprogrammet «Morgendagens melodi» i 1957, følgde fleire plateinnspelingar. Nora laga sjølvsagt sin versjon, Kari Diesen også. Alf Prøysen og Torhild Lindal var først i platestudio. Ho var hovudsongaren, han prata litt og song litt i rolla som Gunnar på Mo. Det er uvisst om det var den plata eller Nora Brockstedt si, innspelt halvanna veke seinare, som selde mest; VG-lista var enno ikkje oppfunnen.
Prøysen og Lindal hadde i 1956 sunge inn to svenske viser han hadde omsett til norsk: «Anders og Brita» og «Duett i Småland». Den plata selde visstnok bra og var mykje spelt i radioen. Torhild Lindal hadde tidlegare markert seg både som grammofonsongarinne og revyartist. Då Det Norske Teatret det året sette opp den amerikanske musikalen «Annie Get Your Gun», var dei på utkikk etter ei som kunne ta over etter teaterets eiga Eva Strøm Aastorp, som skulle ha hovudrolla som Annie Oakley den første tida. Teatersjefen angra nok aldri på at han valde Torhild Lindal.
Irving Berlins melodiar og den norske teksten av ålesundaren og NRK-mannen Hartvig Kiran gjorde dundrande suksess både hos publikum og hos kritikarane. I april 1956 song Torhild Lindal inn fire av songane frå stykket på to 78-plater: «Berre nattur som skal tel»/ «Annies voggevise» og «Du får aldri ein mann med gevær»/ «Alt er tapt». I denne tida hadde vinylplatene byrja å erstatte dei gamle «steinkakene», og snart kom desse songane også på ei EP-plate.
I vekebladet Magasinet for alle fekk utgjevinga særleg sterke lovord: «Det er de beste Annie-innspillingene som foreligger, hvis en akkurat ser bort fra Betty Huttons originalopptak fra filmen.» Hartvig Kiran fekk òg mykje ros fordi, som bladet skreiv, folk «er blitt så sørgelig vant til at sangtekstene slurves fantasiløst og slapt unna. Det er ingen som hører ordene likevel! Men dét er det når Torhild Lindal synger».
Samarbeidet mellom Kiran og Lindal var ikkje slutt med dette. Etter ei tid kunne platekritikaren i Magasinet slå på stortromma igjen når han melde om «den gledeligste grammofonplateinnspillingen i Norge på år og dag. Jeg mener Hartvig Kirans likefrem sensasjonelle ‘Vide med vind’ og ‘I Lovers’ Lane’ sunget av Torhild Lindal. [...] Nå skriver han altså – som en slags hobby! – to av de fineste visene Skandinavia har produsert i de senere årene – og setter selv musikk til». Meldaren kallar den førstnemnde visa «en blues over norske folkevisetoner» og seier om den andre: «Ingen tvil om at hadde Kiran skrevet denne visen på f.eks. fransk, ville alle de store navnene meldt seg på for å få lov til å lansere den.» Og Torhild Lindal? Ho har «aldri gjort tilnærmelsesvis så gode ting». Desse oppglødde omtalane har ingen signatur, men truleg var det Magasinets redaksjonssekretær, den markante kulturjournalisten Per Aamot, som skreiv dei. Han redigerte nyheitsstoffet om film og musikk i bladet.
Torhild Lindal heldt fram på teater- og revyscena. Ho spela inn andre plater seinare, men ingen av dei på nynorsk. Ho døydde i 1980, berre 48 år gammal. Ho var gift med Kurt Foss, som saman med Reidar Bøe hadde mange platesuksessar i 1950-åra og gjorde ei rekkje av Jakob Sandes dikt til folkekjære viser. Plateinnspelingane hennar er i seinare år komne ut på CD-samlingar med eldre populærmusikk. Dei er også tilgjengelege på nettet gjennom musikkstrøymetenester. Etternamnet hennar er ofte blitt skrive «Lindahl», det må ein ta omsyn til når ein søkjer på nettet.
Ein liten fotnote i målsoga, dette òg!
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.