JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Ørn og kval

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Havørn med fangst.

Havørn med fangst.

Foto: Christoph Müller

Havørn med fangst.

Havørn med fangst.

Foto: Christoph Müller

1488
20240913
1488
20240913

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Havørna

Håkon Dag Sørland slår fast at det er vi menneske og ikkje havørna som er skuld i at sjøfuglane forsvinn, men han seier lite om kva vi her og no kan gjere med problemet. Premissen for teksten han kritiserer, var at raudlista artar som krykkje og lomvi ikkje har tid til å venta på at menneska skal samla seg om å løysa den generelle natur- og miljøkrisa i verda før noko eventuelt kan gjerast for dei.

Vidare ymtar Sørland om at (leiarskribenten i) Dag og Tid skulle ha noko usnakka med blåkvalen. «Det er nok litt av det same tankegodset som gjer seg gjeldande når det blir hevda at vi må skyta dei store sjøpattedyra, kvalane, fordi dei et opp fisken vår», skriv han.

Men samanlikninga til Sørland haltar: Leiarartikkelen argumenterte ikkje for å hausta havørn for profitt, han argumenterte for å verna sjøfugl. Skulle ei havpattedyrsamanlikning gje meining, måtte havørna ha rolla til kvalfangaren, ikkje rolla til kvalen.

Til sist skriv Sørland interessant om når menneska skal «forvalte» naturen. «Så langt har det ikkje vore særleg vellukka», skriv han, som sant er. Men det finst vel ein generell aksept i samfunnet for ideen om å regulera talet på til dømes rovdyr, til beste for byttedyr, husdyr, jordbrukarar og andre, sjølv om det vil vera usemje om nett kor mange ulvar og bjørnar, jervar og gauper me skal ha, og kor dei skal finnast. Kvifor er det annleis med nett havørna? Eller meiner Håkon Dag Sørland verkeleg at ingen art skal forvaltast?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis