Polen: Marx er død, Jesus lever
Etter messa i katedralen i Gdansk 27. august 1989. Ein av mennene bak «Vennskapsskip til Polen (t.v.), Guri Ytterstad, initiativtakar, Lech Walesa frå Solidaritet, tolken frå Solidaritet og Åsulv Edland frå Dagsrevyen i NRK.
POLEN
Det er interessant å lesa Håvard Rems artiklar om kristendomen i Europa. Eg har med stor interesse og litt kjennskap lese dei to artiklane frå Polen (Dag og Tid nr. 52, 2017 og Dag og Tid nr. 1, 2018). Dette er eit land som eg kjenner litt til, også når det gjeld religion. Første gong eg hadde nærkontakt med polsk stoff, var 16. oktober 1978, då den «ukjende» polske biskopen Karol Wojtyla blei utnemnd til pave. Eg blei sendt i dagsrevystudio for å intervjue biskop Gran om den nye paven. Gran visste godt kven polakken var, og han kunne blant anna fortelje at han i ungdomen køyrde slalåm i Zakopane. Seinare blei polakken verdskjend i Dagsrevyen og over alt som pave Johannes Paul II.
Polen var prega av streik, uro og mangel på matvarer og utstyr til helsevesenet på 80-talet. Her i landet blei det sett i gang innsamling til Polen. Guri Ulferstad stod sentralt, og Johan Stanghelle og fleire legar frå Sunnaas var aktive her. I 1988 samla dei inn 13 millionar som blei brukt til utstyr til landbruket og helsevesenet. «Vennskapsskipet» til Polen segla nedover før påske i 1988. Polske styresmakter nekta skipet å gå inn til Gdansk for å levere hjelpa. Marinen hadde ordre om å skyte med skarpt om skipet prøva å legge til kai. Det var innblanding i indre polske forhold, blei det sagt. På denne tid var ein av dei siste store streikane frå Solidaritet og Lech Walesa i gang. Etter ein del forhandlingar fekk skipet lov til å dra til Swinojuscie. Men kravet var at skipet skulle losse i mørkret om natta så det ikkje vekte åtgaum. Kapteinen lét som han ikkje forstod engelsk, slik at skipet låg der om morgonen og lossa utstyr til landbruk, mat og sjukehusutstyr til stor jubel frå prestar, biskopar og andre som var på kaien. Dei kommunistiske styresmaktene likte det dårleg.
Vennskapsskipet drog tilbake til Oslo etter å ha levert inn dei innsamla gåvene. Kommunistregimet måtte etter kvart gje opp å la makta gå til Solidaritet og Lech Walesa. Dei som stod bak gåvene til Polen i 1988, blei året etter invitert ned for å ta imot takk, og ein buss drog nedover. Takketuren starta med storstilt messe og stappfull katedral i Gdansk. Lech Walesa sat på fremste rad og høyrde også det norske koret. Etter gudstenesta og kyrkjekaffien var 7000–8000 samla utanfor katedralen. Der var også ein tyske politikar, (Blume, trur eg han heitte). Tyskaren tala også til folket, og då ha ropa ut: «Marx er død, men Jesus lever!» Då ville jubelen ingen ende ta blant dei katolske polakkane. Eg kom til å tenkje på denne hendinga i 1989, då eg las Håvard Rems artiklar. Polen har tydelegvis ikkje forandra seg når det gjeld trua på Marx og Jesus.
Vi møtte Lech Walesa mens forhandlingane føregjekk berre nokre månader før han blei polsk president. Han sa, då eg intervjua han, at Nobelprisen hadde redda livet hans – dei hadde plaga han i hel i fengslet, meinte han. 80 arbeidarar blei drepne under dei store streikane som Solidaritet stod i spissen for.
Lech Walesa var også litt vonbroten over at det gjekk så seint med nordisk støtte. «Dei (Norden) er som ei kysk jomfru, som har lyst, men ikkje tør», sa han.
Dette er 30 år sidan, og mykje har forandra seg – i Polen og i andre land, men Polen er stadig Europas mest katolske land. Slik sett er det forståeleg at den katolske kyrkja her i landet rekna alle polakkane inn i sin kyrkjelyd.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.
Vasskraftverket Nore I.
Foto: Lise Åserud / NTB
Er fjordane mindre verde enn elvar og vatn?
Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2005.
Foto: Lars Bryngelsson
Diverterande
Engegårdkvartetten syner Mozarts kvartettkunst mellom passiar og pasjon.
Flesteparten av dei danske jødane klarte å flykte til Sverige.
Foto: Ukjend / Nationalmuseet i Danmark
Flesk og smør i byte for danske jødar
Tyskarane trong kjøtleveransar. Var det det som redda dei danske jødane frå konsentrasjonsleirane?
Signe Førres første plate er balkaninspirert.
Foto: Terje Nesthus
Bass i norsk og balkansk landskap
Signe Førre med vener overraskar.