Praksis utan sjokk, takk
LÆRARYRKET
På sidene til Norsk Helseinformatikk står det følgjande om omgrepet sjokk: «Med sjokk menes her sirkulasjonssvikt, det vil si en tilstand der blodsirkulasjonen er utilstrekkelig til å møte kroppens behov. Den nedsatte blodsirkulasjonen fører til kald og klam hud, sløret bevissthet og sterkt nedsatt eller opphevet urinproduksjon». Trass i alvorsgraden er dette det mest populære omgrepet i omtaler av debuten i læraryrket. «Praksissjokket» har blitt etablert som ein gjengs omtale av å bli lærar. Kvifor høyrer vi aldri om «rørleggartraumet», «legepanikken», «tømrarfobien» eller «sjåførskrekken»?
Den første klassen eg sjølv fekk, fekk eg fordi den var so krevjande at ingen av dei fast tilsette ville ta den. Det eg trefte, var ikkje eit sjokk, men ein energisk og mangslungen gjeng med 13-åringar som vibrerte av verketrong. Liv og røre, djupe samtalar, lettsindig humor, leik og alvor og fagarbeid i alle moglege og umoglege variantar.
Som ny vil du nok bli overvelda av arbeidsmengda. Du vil bli frustrert over kor lite tid det er til å følgje opp den einskilde elev. Du vil mange gonger lure på korleis du skal utøve god klasseleiing av tretti sprettballar. Du vil oppdage at døgnet er fleire timar for kort. Du vil lure fælt på om sjefen din nokon gong har undervist. Du får likevel noko att for alle desse undringane, frustrasjonane og innsiktene.
Du vil glede deg over situasjonane der eleven går frå å ikkje skjøne til å skjøne. Du vil føle deg som den viktige personen du er, når eleven fortel noko til deg som ingen andre enn du og ho veit om i heile verda. Du vil sitje i utviklingssamtale og bli rørt når eleven fortel kva du betyr for ho eller han. Du vil sjå av kvaliteten på arbeidet til eleven at det har skjedd noko som du kanskje kan ha litt av æra for. Du vil etter nokre år kanskje sjå at gamle elevar kryssar gata, ikkje for å unngå deg, men for å treffe deg. Du vil bli takka for at du held ut med den «ufordragelige tenåringen jeg var». Du vil kanskje innsjå at du var eit av dei pålitelege punkta i ei kaotisk ungdomstid.
Alt dette pratet om «sjokk» må vi berre gje oss med. Du skal som lærar inn i eit energisk og krevjande yrke, men det er eit oppdrag med ei konstruktiv grunnstemning der du skal forvalte oppvekst og ungdomstid, og hjelpe dei på vegen til å bli «gjengs menneske». Eit oppdrag fullt av høgtid, ærefrykt og heldigvis ein masse humor. La psykiatrien og legevitskapen ha sjokket sitt i fred.
Roar Ulvestad er lektor i norsk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.
Foto: Anne Valeur
Fugl føniks
Hayden Powell har brukt ventetida godt.
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.