JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Pyntesjuke og luksuslov

Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Dag Aanderaa

Foto: Dag Aanderaa

6829
20241004
6829
20241004

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Historie

Det er i år stor markering av at det er 750 år sidan Magnus Lagabøtes landslov blei til. Men det er også 400 år sidan Christian IVs forordning om «pyntesjuke» kom i 1624. Han stod også bak Christian IVs norske lov frå 1604, men denne er mest berre ei omsetjing til dansk av landslova frå 1274.

Likevel var også Christian original lovgjevar med sterk detaljstyring av Danmark-Noreg, gjennom sine mange forordningar. Det vil seie påbod som også galdt som lover. Den mest kjende er trolldomsforordninga frå 1617 med oppmoding til heksebrenning.

Forordninga frå 1624 har i normalisert rettskriving denne tittelen: «Forordning hvorledes heretter med festensøl, brylluper, barsel, begravelser i kjøpstedene i Danmark og Norge skal holdes.» Ho er på ti sider og vart send mellom anna til prestane og futane i tvillingriket.

Far til underskrivne var sokneprest, og i ei kiste etter han låg det tilfeldigvis eit originalt eksemplar av denne forordninga. Nasjonalbiblioteket opplyser at dei berre kjenner til tre eksemplar: to ved universitetsbiblioteket (UB) i Trondheim og eitt ved UB i Bergen. Sjølv har dei ikkje denne forordninga.

Det fjerde kjente eksemplaret kom så til syne i Seljord i vår, og har i sommar vore utstilt på kunstlåven til Seljord kunstforening. Bakgrunnen for det er at forordninga er nemnd i Lars Myttings «Skråpånatta», og mange gamle prestekontor-remediar blei utstilte i Mytting-rommet.

Fråtseri

Forordninga er eit av mange kongelege påbod på 1500- og 1600-talet om å redusere luksusforbruket. Den danske historikaren Leon Jespersen nemner som årsak at adelen etter kvart skeia ut når det galdt å syne fram rikdomen. Adelen fekk påbod om å slutte med fråtseriet, men det fungerte dårleg sidan dei blei mobiliserte til å ta del i dei ekstravagante festane ved hoffet. Deira levemåte smitta nedover i stendene, og blant embetsfolk og rikfolk vart det vanleg å gjera høgtidene i livet til noko ekstravagant, også i Noreg.

Jespersen nemner mange grunnar til den kongelege innstramminga. Viktig er det moralsk-religiøse, sidan det nærmast var gudsspottande med overdådig pynting og ekstra flott servering. Dessutan gjekk det ut over statsfinansane når det var stor import av til dømes silke, vin, krydder, konfekt m.m.

Christian IV var i konstant pengemangel, også på grunn av stendig krigføring.

Vanlege folk

Faktisk var omsynet til vanlege folk også eit moment. Dei økonomisk veike måtte vernast mot å bli fattige på grunn av press om overdådig pynting og feiring. Dessutan skulle dei bli verande i praktisk arbeid og ikkje bruke tid på sosiale samkomer.

Men forordningane hadde også eit samfunnskonserverande føremål. Kongen og adelen var interesserte i at inndelinga i stender heldt fram. Såleis var det visse unntak også for embetsfolk og velståande. Og påboda galdt sjølvsagt ikkje kongen sjølv; han levde i større luksus enn mange av forgjengarane, med mange friller og eit utsvevande liv.

Christian IV hadde også ein annan grunn til å få slutt på gild pynting, luksus og fråtseri. Som god protestant hadde han i 1617 vore med på hundreårsmarkeringa for Luthers tesar, og då var det grunn til å halde fram med arbeidet mot den katolske trongen til overdådig utsmykking, både i kyrkjene og blant velhaldne borgarar. Difor sende han ut fleire forordningar, også om banning, drikking og hor.

Men mange historikarar nemner at dei fleste stader heldt dei fram som før. Då som no var det vanskeleg å endre folks åtferd. Det erfarte Oliver Cromwell i England i 1640–50-åra. Sjølv med eit sterkt regime klarte ikkje han og puritanarane å leggje lokk på fest- og pyntelysta. I Danmark-Noreg var heller ikkje Christians regime eigna til å tvinge gjennom ei så drastisk omlegging.

Mot slutten av 1700-talet blei det også slutt på alle desse luksuslovene.

Tostegs bryllaup

Ukjent for oss er dei mange festlege lag som blei kalla festensøl. Bakgrunnen er at vi frå 1589 til 1799 hadde tostegs kyrkjeleg inngåing av ekteskap. Det vil seie at truloving blei sett på som ein stor grunn til å feire. Nettopp fordi presten i kyrkja skulle godkjenne relasjonen og velsigne dei som var på veg til giftarmål. Men kongen godtok i forordninga berre opptil fem par som gjester, og det skulle ikkje skjenkast vin eller brennevin, ei heller serverast noko mat. Konfekt og «innsyltet tøy» var også uaktuelt, sidan alt med sukker måtte importerast.

Bryllaup var neste steg i kyrkjeleg vigsel, og kunne høgtidast noko meir, men ikkje over tre dagar, berre laurdag ettermiddag. Talet på gjester var avgrensa til tolv, og byfuten skulle ha liste over alle som var bedne. Vidare måtte ikkje brudestolen vera kledd med fint tøy, og brudesenga måtte ikkje ha utskjeringar eller omheng av silketøy. Skulle det vera tekstilpynt, måtte det bli av heimegjord ull, så her kjem handelsbalansen inn.

Forordninga har også reglar for bryllaup med tenestejenter og dei med liten formue. Då var det ikkje høve til å pynte brura «med gull, perlerad, utslått hår og annen prakt og smykke, mens de skulle alene mellom to andre piker forføye seg til fropreken, og der la seg vie».

Klesdrakta til brudefolket måtte ikkje vera av «[f]løyel, caffa (silke og bomull), og atlask (sateng), og ellers deslike udi verdi, ei heller noe silketøy, med mindre brudgommens formue over ti tusen daler befundet har». Altså eit døme på at forordninga ikkje heilt ut galdt for alle.

Bryllaupsmaten måtte ikkje vera på meir enn fem rettar og ikkje med utanlandsk drikk, konfekt eller krydder.

Christian IV malt av Pieter Isaacsz.

Christian IV malt av Pieter Isaacsz.

Fødsel

Ved fødsel i familien var det vanleg å be inn til barselgjestebod, men dette blir no avskaffa: «ingen mat eller drikke, kake, ost eller bakning, brød eller annet».

Om gravferder skriv Christian IV at «stor uskikkelighet seg begir med begravelser, da skal ingen, som følger liket, gå inn i huset uten de som lar begrave, arvingene, dog de liket bærer. Skal ikke heller til begravelse noen kost spises eller drikken holdes udi dødshuset mens sådan hedenske fylleri skal den avgangne til ære aldeles være avskaffet». Likvake skal det bli slutt på: «ingen fylleri eller drikking holdes i huset eller i likstuen, og ingen øl gis, uten alene til tørst og nødtørft.»

Dessutan var det berre adelen som kunne dekke kista med lær eller klede, og «noe messing, metall eller fortinnet beslag».

Vel har kongen i denne forordninga tenkt på det meste, men likevel tek han atterhald om at dersom nokon har nye påfunn med store kostnader, så skal det også vera forbode.

Vi kan vel vera glade for mykje av det Magnus Lagabøte innførte i landslova, og det kan godt markerast etter 750 år. Og markeringa av 400 år med Christian IVs forordning seier oss at statleg detaljert styring ikkje er noko nytt i norsk mentalitetshistorie.

Dag Aanderaa er folklorist og kulturhistorikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis