Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Rare val i Norsk lærebokhistorie

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3755
20171013
3755
20171013

BOKMÅL

Nokre av dei fremste lærebokforskarane i landet har skrive oversynsverket Norsk lærebokhistorie. Der har dei gjort nokre rare val.

Alt på omslaget dukkar mistanken opp. Etter litt blading her og der, slik ein gjerne gjer med nykjøpte bøker, aukar uroa. Lesinga stryk ut tvilen. Kvartetten Dagrun Skjelbred, Norunn Askeland, Eva Maagerø og Bente Aamotsbakken ved Høgskolen Sørøst-Norge, har samla sine mengder av kunnskap om norske lærebøker i eit gjennomillustrert verk på 587 sider. Her er mykje som berre dei kunne ha skrive, og derfor er den nødvendige kritikken så uventa.

Dette er biografien over Noreg, skreiv Bjørn Kvalsvik Nicolaysen i meldinga si i Dag og Tid 25. august 2017. Viss det er det, er der fleire og større kvite flekkar enn dei han peikar på.

Norsk lærebokhistorie handlar i all hovudsak om bokmålsutgåvene av lærebøkene. Berre eit fåtal av sitata er henta frå nynorskbøkene, og det same gjeld bilda. Dei fleste av desse sitata og omtalane gjeld abc-bøker og andre lærebøker i norsk. I denne historia tek nynorskbøkene seg sjeldan ein sving utom kvardagen i norsktimane, og når dei gjer det, er det helst før 1940. Det var altså ikkje tilfeldig at berre eit par av 27 framsider på omslaget til verket tydeleg er frå nynorskbøker.

I innleiinga peikar forfattarane som snarast på at nynorskutgåvene gjerne har kome seinare enn bokmålsutgåvene. Særleg praktiske fag og yrkesfag har alltid mangla lærebøker på nynorsk, men det blir ikkje nemnt. I dette språklege fråværet blir det skrive litt om korleis lærebokspråket blei endra med tida, men ikkje noko om eventuelle skilnader mellom bøkene på bokmål og nynorsk.

Som pedagogen så gjerne spør: Kva kan grunnen vere? Som konsekvensetikaren helst svarar: Det er resultatet som tel, ikkje intensjonane.

Språkforståinga kan ha verka inn. I dette verket som i skulen elles er norsk eitt språk med små skilnader mellom to målformer. Då har det lite å seie kva utgåver som blir drøfta. Her overser forfattarane at nynorsk- og bokmålsutgåver til tider har vore svært ulike. Nordahl Rolfsen gav bokmålselevane andre Vinje-tekstar enn nynorskelevane fekk, og Kristian Lødemel Sandberg har vist liknande mønster for gymnas og vidaregåande skule.

Det verkomgrepet som litteraturhistorikarar held seg med, er brukt også her. Forfattarane sin analyse av bøkene i ettertid er interessant nok, men kjem i vegen for ei forståing av bøkene som brukstekstar og med det den resepsjonen dei fekk. Dei føreset at bøkene faktisk finst i kraft av sine bokmålsutgåver, men skriv ikkje noko om det fagspråket mange elevar mista fordi dei aldri fekk sine lærebøker på nynorsk. Derimot er dette ei berande linje i eit eige kapittel om samiske lærebøker.

Forfattarane konsentrerer framstillinga om dei mest brukte bøkene, men fortel lite om kor mykje dei faktisk blei brukte. Generelt er der få litteratursosiologiske perspektiv. Det skjer seg alt på side 24: «I allmueskolens første 150 år var læreboka enerådende.» Dei færraste var som Vinje, som las både Petter Dass og Ludvig Holberg og anna han fann heime, og lærte delar av Bibelen utanåt. Likevel var dette tida då skriftkulturelle uttrykk blei ein del av kvardagen for jamt fleire. Der trur eg læreboka på nynorsk var viktigare enn læreboka på dansk-norsk eller bokmål, men Norsk lærebokhistorie har ikkje noko å legge til om den saka. Heller ikkje om all skulekringkastinga frå og med 1930, også på nynorsk.

Eit velkjent og påtrengande pedagogisk «vi» fører ordet boka igjennom. Dette «store vi» inkluderer ikkje alle elevane og vel bort så mange viktige emne at mykje manglar til ei samla norsk lærebokhistorie når klokka ringer ut.

Ottar Grepstad er direktør for Nynorsk kultursentrum

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

Meldingar
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis