TRADISJONELLE HANDVERKSFAG
Små, tradisjonelle handverksfag er ein viktig del av norsk kulturarv og viktig kunnskap vi treng framover. Difor tar regjeringa no fleire grep for å styrke handverksfaga. Før sommaren la vi fram eit omfattande forslag til fornying av yrkesfagutdanninga. Vi foreslo mellom anna å etablere tradisjonshandverk som eit heilt nytt utdanningsprogram. Ved å samle dei små handverksfaga blir dei tradisjonelle handverksfaga synlegare, og det kan sikre at utdanningsprogrammet blir oppretta i dei fleste fylkeskommunane.
Vi vil også gi elevane som tar handverksfag, høve til å spesialisere seg tidlegare i yrket, slik at dei får enda betre opplæring i faga og blir meir attraktive for arbeidslivet. Vi ønsker å samle lærefag med flest mogleg felleselement i same utdanningsprogram. I dag må elevar med svært ulike yrkesfag ofte ta dei same faga og bruke tida på fag dei kanskje ikkje vil trenge. Til dømes: Ho som skal bli frisør og ho som skal bli båtbyggar, byrjar i dag på same utdanningsprogram. Med smalare og tydelegare fagretningar skal ho som vil bli frisør, få meir tid til å lære å klippe hår, og ho som skal bli trebåtbyggar skal få meir tid til båtbyggarfaget.
I denne regjeringsperioden har vi dessutan auka det generelle lærlingtilskotet med 21.000 kroner, og lærlingar i 41 verneverdige handsverksfag får i tillegg eit ekstra tilskot. Det kan gjere det lettare for små handverksbedrifter å tilby læreplass, og gi fleire elevar moglegheit til å fullføre fagbrevet.
Vi er difor einige med Siri Helle i at dei som ønsker å bli handverkarar, bør få høve til å bli det, og det legg vi til rette for med fornyinga (Dag og Tid 11. august). Samstundes må det vere ein etterspurnad etter faga i framtida, for vi kan ikkje utdanne elevar til jobbar som ingen treng.
Våre forslag til fornying bygger på anbefalingar frå Utdanningsdirektoratet og partane i arbeidslivet gjennom ni faglege råd og fem ekspertutval. Etter deira tilråding foreslår vi å legge ned pianostemmarutdanninga i vidaregåande opplæring. Det er ikkje fordi det ikkje lenger er interesse for yrket, men fordi det vil vere meir føremålstenleg å tilby utdanninga på eit høgare nivå. Musikernes Fellesorganisasjon støttar dette. Faget er høgt spesialisert og krev lang trening, og denne opplæringa tar no Norges Musikkhøgskole vare på.
På sikt vil fornyinga løfte yrkesfaga slik at Noreg får dei fagarbeidarane og tradisjonelle handverkarane vi treng i framtida.
Torbjørn Røe Isaksen (H) er kunnskapsminister i Noreg
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.
Vasskraftverket Nore I.
Foto: Lise Åserud / NTB
Er fjordane mindre verde enn elvar og vatn?
Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2005.
Foto: Lars Bryngelsson
Diverterande
Engegårdkvartetten syner Mozarts kvartettkunst mellom passiar og pasjon.
Flesteparten av dei danske jødane klarte å flykte til Sverige.
Foto: Ukjend / Nationalmuseet i Danmark
Flesk og smør i byte for danske jødar
Tyskarane trong kjøtleveransar. Var det det som redda dei danske jødane frå konsentrasjonsleirane?
Signe Førres første plate er balkaninspirert.
Foto: Terje Nesthus
Bass i norsk og balkansk landskap
Signe Førre med vener overraskar.