Rettferd?
RELIGION
«Gud, kvar er rettferda du ville visa meg?» spør Moses i Walid al-Kubaisis vesle tekst i Dag og Tid 29. september. Verken Moses eller Walid er dei første eller dei siste som spør etter rettferda i tilværet. Men det bildet Walid al-Kubaisi teiknar når han går inn i dette store spørsmålet med den vesle anekdoten med ran og drap, og kallar det «livets rettferdige system», er særs problematisk.
Som ei forteljing som minner oss om at vi ikkje har oversikt over alt det som hender i verda, med oss og med andre, og kvifor det hender, er forteljinga heilt grei. Ingen ser alle samanhengar. Men det gudsbildet som denne forteljinga formidlar, er eit grotesk bilde av ein hemnar og ein tyrann.
Vi kjem ikkje utanom at tilværet er urettferdig – på godt og vondt. Å påstå at det er rettferdig at eg lever no og her og har det for det meste godt og greitt, er meiningslaust. Like meiningslaust som å hevda at det er rettferdig at tusenvis av menneske mister heim og fellesskap i Syria eller Palestina. Det meste av det som hender, er resultat av tilfelle og av gode og vonde ting vi gjer med kvarandre.
Ja, som Moses seier det i Walid al-Kubaisis anekdote: Guds vegar og Guds rettferd er uransakelege. Men det er ikkje fordi ho eller han er årsaka til alt som hender, men det er mellom anna fordi det er mykje vi ikkje forstår, mykje vi må protestera på, og fordi vi trur Gud sjølv protesterer og solidariserer seg med lagnaden vår. Og ikkje minst fordi vi trur at Gud trass i all urett vi gjer, ikkje gir blanke i korleis det går med oss.
Hans Kristian Solbu er prest
i Den norske kyrkja
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
RELIGION
«Gud, kvar er rettferda du ville visa meg?» spør Moses i Walid al-Kubaisis vesle tekst i Dag og Tid 29. september. Verken Moses eller Walid er dei første eller dei siste som spør etter rettferda i tilværet. Men det bildet Walid al-Kubaisi teiknar når han går inn i dette store spørsmålet med den vesle anekdoten med ran og drap, og kallar det «livets rettferdige system», er særs problematisk.
Som ei forteljing som minner oss om at vi ikkje har oversikt over alt det som hender i verda, med oss og med andre, og kvifor det hender, er forteljinga heilt grei. Ingen ser alle samanhengar. Men det gudsbildet som denne forteljinga formidlar, er eit grotesk bilde av ein hemnar og ein tyrann.
Vi kjem ikkje utanom at tilværet er urettferdig – på godt og vondt. Å påstå at det er rettferdig at eg lever no og her og har det for det meste godt og greitt, er meiningslaust. Like meiningslaust som å hevda at det er rettferdig at tusenvis av menneske mister heim og fellesskap i Syria eller Palestina. Det meste av det som hender, er resultat av tilfelle og av gode og vonde ting vi gjer med kvarandre.
Ja, som Moses seier det i Walid al-Kubaisis anekdote: Guds vegar og Guds rettferd er uransakelege. Men det er ikkje fordi ho eller han er årsaka til alt som hender, men det er mellom anna fordi det er mykje vi ikkje forstår, mykje vi må protestera på, og fordi vi trur Gud sjølv protesterer og solidariserer seg med lagnaden vår. Og ikkje minst fordi vi trur at Gud trass i all urett vi gjer, ikkje gir blanke i korleis det går med oss.
Hans Kristian Solbu er prest
i Den norske kyrkja
Fleire artiklar
Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.
Foto: Anne Valeur
Fugl føniks
Hayden Powell har brukt ventetida godt.
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.