Russland handlar rasjonelt
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Krigen i Ukraina
I ordskiftet om krigen i Ukraina blir det av og til hevda at Russland handlar irrasjonelt. Dette er upresist språk. Kremls problem har ikkje vore mangel på rasjonalitet, men mangel på informasjon.
Oberstløytnant og forskar Bjørn Aksel Sund skriv at «et rasjonelt russisk lederskap (...) kan vi avskrive, i det minste så lenge statssjefen heter Putin» (Aftenposten 22. januar 2023). I daglegspråket bruker vi «rasjonell» i fleire tydingar, men når vi analyserer krigen i Ukraina, bør vi bruke ordet meir presist. Vi tenkjer rasjonelt når det er samsvar mellom premissar og konklusjon, og vi handlar rasjonelt når det er samsvar mellom mål og middel.
I denne tydinga har dei russiske leiarane handla rasjonelt. Målet deira er etter alt å døme å ta revansj for Sovjetunionens samanbrot og attreise eit mektig russisk imperium. Vi kan ikkje vite sikkert kva premissar dei la til grunn før åtaket på Ukraina 24. februar i fjor, men det er grunn til å tru at desse var blant dei: 1) Russlands væpna styrkar er overlegne, 2) det ukrainske folket vil ønskje dei russiske styrkane velkommen, og 3) Vesten vil ikkje gripe inn. Om ein legg desse premissane til grunn, blir eit militært åtak på Ukraina eit rasjonelt middel for å nå målet om å revansjere Sovjetunionens fall og attreise det russiske imperiet.
«Rasjonell» tyder ikkje at premissane må vere sanne. I dag veit vi at Russlands væpna styrkar ikkje var overlegne, at det ukrainske folket ikkje ønskte okkupantane velkomne, og at Vesten ikkje snudde ryggen til ukrainarane. Korleis kunne dei russiske leiarane ta så feil? Truleg mangla den russiske presidenten korrekt informasjon. Mange observatørar har peika på den russiske presidentens aukande isolasjon under pandemien. Informasjonsflyt er òg eit grunnleggjande problem i autoritære statar. For ein autoritær leiar er første prioritet alltid å halde på makta. Derfor må han omgje seg med lojale støttespelarar. Støttespelarane vil fortelje leiaren det dei trur han vil høyre, for på den måten vinn dei leiarens gunst. Resultatet blir at leiaren ikkje får korrekt informasjon frå dei han stoler mest på.
«Rasjonell» tyder ikkje at målet eller midla er juridisk eller moralsk akseptable. Det russiske åtaket på Ukraina er i strid med folkeretten. Dei russiske styrkane sin brutale framferd er veldokumentert og vitnar om fullstendig mangel på moral.
Det er minst to grunnar til at vi må erkjenne at dei russiske leiarane handlar rasjonelt. For det første kan merkelappen «irrasjonell» føre til at ein i Vesten undervurderer dei russiske leiarane. For det andre må dei stillast til ansvar for krigsbrotsverk når den forferdelege krigen ein gong er over. Då må det leggjast til grunn at åtaket på Ukraina var ein del av eit rasjonelt handlingsmønster.
Tore Nesset er professor i russisk språkvitskap ved UiT Noregs
arktiske universitet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.