JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Russland og Nato

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4245
20240705
4245
20240705

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Krigen i Ukraina

I Dag og Tid 28. juni held Hallvard Hegna fram polemikken om opphavet til krigen i Ukraina. Det sentrale spørsmålet er om Russland var truga av Nato før 24. februar 2022.

Eit ålment russisk ordtak seier at historia er uviss. Ikkje fordi dei faktiske hendingane er uklåre, men fordi me helst berre nyttar det utvalet som passar best med vårt tankesett. Kor fri historia er, seier òg mykje om demokratiet i eit land. EU, Nato, Russland og USA har alle interesser, ikkje minst eigeninteresser, men det gjer ikkje alle skuldige i konflikten.

For å forstå bakgrunnen kan ein ikkje ta til i 1941, 1946 eller 1991. Ein må attende til den russiske ekspansjonen på 1700-talet med Peter den store og Katarina den store. Denne koloniseringa gjorde Russland til ein geografisk og kulturell forvaksen stat, styrt av ein 500 år gamal maktstruktur, slik forfattaren Vladimir Sorokin påpeikar.

Ulike regime har sett det som si oppgåve å halda nasjonen samla, heile tida med truslar om ein ytre fiende. Åtak frå Napoleon og Hitler vert gjorde til nasjonale heltesoger, heilt utan kritikk av eigne feilgrep. Motstandarar vert kalla bonapartistar og nazistar uavhengig kva dei faktisk står for.

Kuppet til Lenin i 1917, borgarkrigen og trusselen om at revolusjonen skulle spreia seg vestover, førde til ekstrem polarisering av politikken i mellomkrigstida. Bolsjevikane kritiserte imperialismen, men forsvarte og utvida russisk kolonisering. Nasjonalsosialistiske rørsler dukka opp som ein motreaksjon på den internasjonale sosialismen. Sjølv etter maktovertaking i Italia, Tyskland og Spania inngår Stalin ei pakt med Hitler like før den moderne 30-års krigen held fram i 1939. Sovjetunionen og Tyskland deler Polen seg imellom, Sovjet okkuperer Litauen, Latvia og Estland før dei går til åtak på Finland.

Molotov–Ribbentrop-avtalen var mest truleg tenkt som ei mellombels løysing for båe partar, sjølv om Hitler kom Stalin i forkjøpet. Etter utreinskingane til Stalin i partiet og i offiserskorpset var dei ikkje klare for ein stor krig. Og Hitler ville unngå ein tofrontskrig så lenge som mogleg. Sovjet hadde utvilsamt dei høgste tapa av menneskeliv, men når dei sende dårleg trena, dårleg leia og dårleg utstyrte soldatar til fronten, vart tapa høge. Kommunistpartiet sette heller ikkje verdien av menneskeliv særleg høgt før krigen, og det vart ikkje stort betre for krigsfangane som kom heim til Gulag etter krigen.

Den kalde krigen enda med russisk nyimperialisme i Afghanistan, Tsjetsjenia, Georgia og Ukraina. Svake demokratiske tradisjonar opna for nye despotar og meir vanstyre. Estland, Latvia og Litauen fryktar meir russisk aggresjon og oppmodar resten av Nato om meir aktiv støtte til Ukraina. Finland og Sverige gav brått opp sin nøytralitetspolitikk og EU trappa opp sitt forsvarssamarbeid når krigen var eit faktum. Danmark avvikla sine atterhald i forsvarspolitikken, og heila Europa rustar no opp sitt forsvar.

Alt dette kunne ein ha unngått om ein i 2004–2005 (Oransjerevolusjonen Ukraina), 2007 (talen til Putin i München), 2008 (krigen i Georgia) eller 2014 (annektering av Krym og krigen i Aust-Ukraina) hadde forstått alvoret. I staden avviste Nato medlemskap for Georgia og Ukraina i 2008, noko særleg Tyskland tok til orde for, med støtte av Noreg med Jens Stoltenberg som statsminister og Jonas Gahr Støre som utanriksminister. Heller ikkje når trusselen var openberr årsskiftet 2021–22, truga Nato med militære konsekvensar for Russland.

Nato er ein forsvarsallianse og har aldri vore ein militær trussel mot eit fredsælt Russland. Politisk derimot har Nato lenge vore ein trussel, fordi mindre statar som Noreg kan søkja tryggleik for ein aggressiv granne. Og difor gjer Putin alt han kan for å hindra at Belarus, Georgia, Moldova og Ukraina søkjer vestover. Inst inne fryktar regimet at Russland skal smuldra opp, slik ein såg i Jugoslavia. Det vil vera slutten på den russiske stormaktsdraumen og maktgrunnlaget til Putin. Påstanden om at Russland var truga av Nato før 24. februar 2022, er difor usann, og ingen andre enn Kreml har ansvaret for krigen i Ukraina. Men om Nato ikkje hadde avvist ein militær reaksjon, kunne det kanskje ha stogga den russiske krigsmakta?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis