Saman for betre distriktspolitikk
Sigbjørn Gjelsvik.
Foto: Joakim Halvorsen / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Samfunn
Eg er glad for at Siri Helle er einig med meg og regjeringa om det viktigaste: at vi styrkjer distrikta for åra som kjem.
Gjennom eit ordskifte med meg i Dag og Tid har Helle problematisert målet i distriktsmeldinga om folkeauke i distriktskommunar. Ho viser til at bygda ho sjølv bur i, har hatt ein gledeleg auke i barnefødslar, og at det ikkje må verte eit nederlag om talet på barnefødslar eventuelt går noko ned igjen. Slik kan heller ikkje distriktsmeldinga lesast. Poenget med målet er ikkje at folketalet skal auke heile tida i alle bygdesamfunn. Målet et at folketalet skal auke i distriktskommunar. For å fortsetje med språket frå fotballen: Ein treng ikkje vinne alle kampar for å bli meister, men det vert krevjande over tid å vinne kampar om ein ikkje er nok folk til å stille lag.
Eg er glad Helle er einig med regjeringa i behovet for meir desentralisert utdanning. Blant dei andre tiltaka vi ønskjer, er auka satsing på breiband, meir makt til kommunane i korleis dei bruker areala sine, meir tillit til tilsette og utprøving av nye løysingar. Kampen for å lykkast står neppe mellom regjeringa og Helle, det er heilt andre krefter som ønskjer meir sentralisering av det norske samfunnet. Vi må jobbe saman for at desse ikkje skal lukkast.
Helle spør om eit mål om vekst kan hindre eit balansert uttak av naturressursar i samfunnet. Det er viktig å sørgje for utvikling innanfor tolegrensene til natur og miljø. Nett derfor er det viktig å legge til rette for busetjing i heile Noreg, slik at ein kan hindre for stort press i nokre område samstundes som ein forvaltar dei rike fornybare ressursane våre på ein god måte. Vi vil ha ein så god politikk at endå fleire får augo opp for det gode liv som ein kan finne i mange bygdesamfunn. Ønsket er å gjere bygdene endå meir attraktive for endå fleire. Då er vekst i folketalet i distrikta ein god måte å måle om vi lykkast på.
Sigbjørn Gjelsvik er kommunal- og distriktsminister.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.