Same stemmerett for kvinner som for menn
Gina Krog var leiar for Kvindestemmeretsforeningen frå 1885 og redaktør for Nylænde frå 1847.
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Demokrati
Det måtte gå nesten 100 år etter at grunnlova vart vedtatt, før Stortinget kunne vedta at kvinner skulle ha same stemmerett som menn i det demokratiske Noreg. Det skjedde om kvelden 11. juni 1913, altså for 110 år sidan.
Stemmerettskampen har sine meir og mindre kjende heltinner, men heilt frå 1880-talet må mange ukjende eldsjeler ha vore i aktivitet.
I 1885 tok Gina Krog og 10–11 andre kvinner ansvaret for å stifta Kvindestemmeretsforeningen (KSF). Der kunne berre kvinner bli medlemmer, og målet var tydeleg: same stemmerett for kvinner som for menn.
Da Norsk kvinnesaksforening (NKF) vart stifta året, hadde venstremannen (og tidlegare Dagbladet-redaktør) H. E. Berner sytt for at han sjølv vart den første formannen i den første norske kvinnesaksorganisasjonen, og at formålsparagrafen ikkje inneheldt eitt ord om stemmerett.
På nyåret 1889 gjekk KSF til aksjon, kravet om stemmerett for kvinner ville komma opp i Stortinget hausten 1889 eller våren 1990. Fire av dei mest kjende kvinnesakspionerane reiste på turné med foredrag og innsamling av underskrifter. Dei nådde ein del av byane i den sørlege delen av landet. Foredraga var godt besøkte og fekk grundig omtale i lokalavisene. Men den som reiste lengst nordover, Gina Krog, kom ikkje lenger enn til Trøndelag.
Notisar om «Adresse om Stemmeret for Kvinder indleveret Storthinget, undertegnet av 4533 Kvinder fra alle Landets Egne», dukka opp i aviser over heile landet i slutten av mai 1890. Høgrerepresentanten Andreas Olsen Berger meinte at når ein tenkjer seg «4533 i forhold til kvindernes antal i vort land, saa er jo det en forsvindende del».
Men ser ein på korleis underskriftene fordelte seg utover landet, kan ein få eit anna bilete. Sjølvsagt hadde mange underskrive der tilreisande stemmerettsagitatorar hadde vore på besøk. Men det vart også samla mange underskrifter i bygder og mindre byar der det ikkje hadde vore offentlege møte om stemmerettskravet, og det heller ikkje fanst nokon lokal kvinnesaksorganisasjon.
Underskriftslistene er digitaliserte og finst på www.stortinget.no, «Underskriftsaksjonen 1890». Her kan ein sjå spor etter mange eldsjeler som tok initiativ og gav andre kvinner høve til å setja namnet sitt på ei liste som skulle sendast heilt til Stortinget, ei underskrift på kravet om at kvinner måtte få same stemmerett som menn, og med ei forklaring som sa at det både var urettferdig og eit stort tap for samfunnet at kvinnene var stengde ute frå å delta i styre og stell.
I Tromsø vart det samla minst 150 underskrifter. Kan det seiast å vera «en forsvindende del» i ein by som på den tida hadde om lag 6000 innbyggjarar? Det har ikkje lykkast å finna spor etter noka lokalavdeling i Tromsø av dei kvinneorganisasjonane som fanst lenger sør på den tida. Tromsø-avdelinga av Landskvindestemmeretsforeningen vart først stifta i 1898. Initiativtakaren heitte Thora Halvorsen og var lærar i Tromsø frå 1873 til 1913. Ho tok også initiativet til å starta Tromsø Sanitetsforening i 1896, og ho var lenge leiar for begge desse organisasjonane.
Kan vi ut frå dette og den seinare innsatsen hennar, mellom anna som den første kvinna i Tromsø bystyre frå 1904, gå ut frå at ho også var ein av aktivistane i 1889? Ho var iallfall ein av underskrivarane. Kanskje var ho den som hadde sytt for å få tinga dei trykte underskriftslistene frå Kristiania, og også få samla dei inn og sende dei tilbake i god tid før stortingsdebatten i 1890?
Om høgrerepresentanten Berger hadde tatt seg tid til å sjå nøyare på underskriftslistene, ville han sagt at dei om lag 110 underskriftene i Overhalla i Nord-Trøndelag var «en forsvindende del»? Eller kva med vel 50 i Ytre Rendal, 40 i Solør, meir enn 30 i Kviteseid, om lag 40 i Drangedal og 20 i Hjartdal? Kva med dei om lag 40 underskrivarane i hans eigen heimkommune, Eidsvoll? Var dei også «en forsvindende del»?
Kvindestemmeretsforeningen var ikkje nokon stor organisasjon – 200 medlemmer i 1889, 300 i 1890 – og var slett ikkje landsomfattande. Men i tillegg til organisasjonen må det ha vore ein heil del eldsjeler rundt omkring i landet som sytte for å skaffa seg underskriftslister og sirkulerte dei i lokalmiljøet. Kanskje var det nokon som kjende nokon, og brukte sitt heilt private nettverk? Kanskje har det viktigaste nettverket vore dei som abonnerte på det første kvinnepolitiske tidsskriftet i Noreg, Nylænde, som Gina Krog redigerte frå 1887?
4533 kvinneunderskrifter var ikkje nok til å overtyda stortingsfleirtalet i 1890: 44 stemte for, 70 imot. Men Gina Krog var optimist. Fekk ein berre nokre fleire nederlag av same slag, ville sigeren vera vunnen for heile kvinnesaka over heile linja, meinte ho.
Stemmerettsaktivistane fekk oppleva både fleire nederlag og delsigrar i løpet av dei neste 23 åra. 11. juni 1913 vedtok Stortinget einstemmig same stemmerett for kvinner som for menn.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.