VIKINGTIDA
Den danske mellomalderforskaren John H. Lind vil ha oss til å avlyse heile vikingtida i norrøn historie. Dette gjer han på grunnlag av oppdaginga si om at nemninga viking vart brukt synonymt til sjørøvar i Europa i denne tida. Men om vi burde seia «sjøfarande røvar/handelsmann frå dei nordiske landa» i staden for «viking», endrar ikkje det på sjølve fenomenet vikingferder. Eg kan ikkje sjå at dei semantiske funna hans fortel oss noko som helst nytt om reiseverksemda til dei norrøne folka i den perioden vi kallar vikingtida. Jau, han flytter kanskje tidspunktet for starten av vikingtida seks år attende til eit åtak i år 787 i staden for det meir kjende åtaket på Lindisfarne kloster i 793. Det kan knapt kallast nokon sensasjon.
Lind likar ikkje den populærframstillinga av vikingar ein finn i film og teikneseriar. Men er det eigentleg noko å bry seg med? Det er vel ingen som tek dette for historisk korrekt uansett. Like lite som vi reknar Asterix som historisk framstilling av tidleg fransk historie. Eit kuriøst eksempel han viser til, er ein gamal angelsaksisk tekst om jødane si utferd frå Egypt. Den mirakuløse passasjen gjennom Raudehavet vart gjennomført av «havvikingar» i denne teksten. Men om det var jødefolket eller faraos hær som var sjørøvarar ved dette høvet, teier forskar Lind om.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
VIKINGTIDA
Den danske mellomalderforskaren John H. Lind vil ha oss til å avlyse heile vikingtida i norrøn historie. Dette gjer han på grunnlag av oppdaginga si om at nemninga viking vart brukt synonymt til sjørøvar i Europa i denne tida. Men om vi burde seia «sjøfarande røvar/handelsmann frå dei nordiske landa» i staden for «viking», endrar ikkje det på sjølve fenomenet vikingferder. Eg kan ikkje sjå at dei semantiske funna hans fortel oss noko som helst nytt om reiseverksemda til dei norrøne folka i den perioden vi kallar vikingtida. Jau, han flytter kanskje tidspunktet for starten av vikingtida seks år attende til eit åtak i år 787 i staden for det meir kjende åtaket på Lindisfarne kloster i 793. Det kan knapt kallast nokon sensasjon.
Lind likar ikkje den populærframstillinga av vikingar ein finn i film og teikneseriar. Men er det eigentleg noko å bry seg med? Det er vel ingen som tek dette for historisk korrekt uansett. Like lite som vi reknar Asterix som historisk framstilling av tidleg fransk historie. Eit kuriøst eksempel han viser til, er ein gamal angelsaksisk tekst om jødane si utferd frå Egypt. Den mirakuløse passasjen gjennom Raudehavet vart gjennomført av «havvikingar» i denne teksten. Men om det var jødefolket eller faraos hær som var sjørøvarar ved dette høvet, teier forskar Lind om.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?