Sjelesørgjaren til Quisling
I filmen Quislings siste dager ber sjelesørgjaren til Quisling på ei sterk skamkjensle over eit jødisk ektepar som har vore i dekning i husværet til familien. Men det får eg ikkje til å stemme.
Sjukehuspresten Peder Olsen spela av Anders Danielsen Lie.
Foto: Filmweb.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Historie
Filmen Quislings siste dager av Erik Poppe var ikkje så seig som eg hadde frykta. Tvert om synest eg skodespelarane gjorde godt arbeid, og at dramaturgien var god. Men det var noko som skurra. Eit viktig dramaturgisk grep i filmen er at sjelesørgjaren til Quisling, sjukehuspresten Peder Olsen, ber på ei sterk skamkjensle over eit jødisk ektepar som tilsynelatande har vore i dekning i husværet til familien.
Eg har lese (og skrive) mykje om jødar i dekning og på flukt, men dette fekk eg ikkje til å stemme. At dette ekteparet (Abrahamsen, heiter dei i filmen) så vart arrestert og deportert, var eg òg skeptisk til. I mine undersøkingar var det få eller ingen jødar som vart arresterte medan dei var i dekning. Ein del jødar vart arresterte under flukta til Sverige, og eit ektepar vart til og med drepe av grenselosane som eigentleg skulle hjelpe dei.
«I intervjuet kjem det fram ein Peder Olsen som eg oppfattar som svært ulik den utgåva som vert skildra i filmen.»
Så eg måtte gå til boka Kruttårnet: farfars samtaler med Quisling av Håkon F. Høydal, barnebarnet til Peder Olsen. Var det nokon slik scene der? Ja, det var det. Også ei historie om jødar på eit loft. Forfattaren meiner det var Elias Lasnik og ein annan person. Høydal spekulerer sjølv på om det kan ha vore kona Dora eller dottera Kathe. Det kan ikkje stemme: Elias Lasnik vart, saman med fleire andre jødiske menn, arrestert i ein aksjon på sjukehusa i hovudstaden 25. november 1942. Kona Dora og døtrene Kathe og Anna Ester vart arresterte heime dagen etter og sende direkte til kaia til Amerikalinjen og skipet «Donau».
Slike framstillingar meiner sjølvsagt ein historikar ikkje er overtydande. Men med omsyn til hendingar som vert dramatiserte i ein film, kan eg likevel akseptere forteljargrep som gjer at sjåaren får eit større blikk på moralske og etiske dimensjonar, eller ei betre forståing av problemstillingar knytte til hendingane filmen viser til. Det finst mange gode eksempel på slike filmar.
Men historia om det påståtte jødiske ekteparet i dekning hos presten og familien spelar ei særskild rolle i filmen. Det ligg nær å sjå dette som eit sentralt tema. Slik vert det framstilt (i korte trekk): Ekteparet vart deportert, men presten og kona Heidi har bilete av dei. Skamkjensla vert uttrykt i uvissa om kva som har hendt med dei. I filmen vert dette først avklart då den seinare psykiateren Leo Eitinger vitnar i rettssaka mot Quisling. Det siste er i seg sjølv eit forteljargrep: Lagnaden til dei deporterte jødane var kjent lenge før rettssaka. Eitinger sjølv skreiv alt 30. mai 1945 i Aftenposten om lagnaden til dei deporterte jødane.
Kvifor dette forteljargrepet? Eg trur at skamkjensla til presten har vore viktig for filmskaparen. I ein sterk scene i filmen snur presten Quislings skuld på hovudet og seier at han òg er skuldig. Eg kunne ikkje heilt sjå denne samanlikninga anna enn som eit symbolsk uttrykk for vår kollektive skuld. Det skurra for meg.
Det var fyrst seinare det gjekk opp for meg at eg sjølv har skrive ei setning eller to om sjukehuspresten Peder Olsen i boka Holocaust i Norge. Mi kjelde til dei få setningane eg skreiv om Peder Olsen, var eit intervju som historikaren Ragnar Ulstein gjorde med han i 1974 på Emblem utanfor Ålesund. Eg fann fram transkripsjonen av samtalen. Der kjem det fram ein Peder Olsen som eg oppfattar som svært ulik den utgåva som vert skildra i filmen.
Ulstein vil vite kva som eigentleg hende på Lovisenberg hausten 1942. Olsen er lite oppteken av seg sjølv. Han nemner fyrst fire legar som var engasjerte i å hjelpe jødar den hausten. Ulstein spør kor mange som var involverte i hjelp til jødar på sjukehuset – var det 15–20 menneske? Minst det, svarar Olsen.
Det låg jødiske pasientar på sjukehuset alt før aksjonen mot jødane tok til (26. oktober 1942), fortel Olsen. Men då aksjonane byrja, strøymde det til fleire. «Vi tok imot alt vi kunne», seier Olsen. Nokre vart innlagde med «dekk-diagnosar», andre vart haldne skjult «på loft og i kjeller».
Sjukehuset var ein mellomstasjon for mange jødar på flukt. Frå sjukehuset vart det formidla kontakt vidare til folk som kunne få dei ut av landet. Av dei som hjelpte til, nemner Olsen den seinare presten Hans Christen Mamen, som fekk medalje frå den israelske holocaustinstitusjonen Yad Vashem. Han nemner òg predikanten og teologen Per Faye-Hansen.
Alt dette er interessante opplysningar, men Olsen fortel òg om den sterke angsten til dei jødane som kom i dekning, og han seier noko viktig om dette: at jødane som no var i fare, snakka om «to slags kristne, de snakket om kristne som liksom bare hadde kristendom med i navnet, og så var det dem som hadde det i gavnet, de ekte».
Så fortel han om episoden som eg sjølv har skrive om: Ein dag kom Statspolitiet for å arrestere ein jøde. Dei hadde med seg båre. Ein hjartesjuk mann vart henta med skrik og skrål. Medan politiet bar han ut, ropte han: «Hjelp meg, hjelp meg, jeg går til Gehenna.»
Det var «et redselsfullt skrik», seier Olsen til Ulstein. At denne episoden har verka sterkt på sjukehuspresten, er lett å skjøne. Mannen som vart arrestert den dagen, var truleg 60 år gamle Isak Fein, som vart arrestert 2. desember 1942 av Statspolitiet og sidan deportert på skipet «Gotenland».
Det var ikkje noko langt intervju Ulstein gjorde i 1974. Olsen avsluttar med å seie: «Jeg glemmer aldri den gode kontakten med jødene, de var så takknemlige både for trøst og hjelp og forbønn, og den direkte hjelpen med å komme over. Vi fikk en veldig godhet for dem.»
Intervjuet med Ulstein kunne ha vore kjernen i ei heilt anna forteljing enn den som kjem fram i filmen: Ein person som var motpol til Quisling, men som likevel hadde mot til å vere sjelesørgjar for han. For meg er sjukehuspresten Peder Olsen ein av mange som faktisk gjorde noko for å hjelpe andre menneske i naud.
Kvifor ikkje framstille han som det? Historia ville ha vorte betre og sterkare om Peder Olsen hadde fått vere det han var – ein modig mann som i ein nær umogleg situasjon gjorde meir for andre menneske enn det store fleirtalet ville ha gjort.
Til slutt om jødane på loftet hjå familien Olsen: Det kan sjølvsagt hende at dei seinare vart deporterte, men faktum er likevel at så vidt eg kan forstå frå kjeldene, vart ikkje ein einaste jøde som var i dekning på Lovisenberg, arrestert. Med omsyn til dei som var innlagde, er historia mykje meir komplisert. Eg har skrive om desse sjølv. Dessutan har historikaren Kåre Olsen skrive om dei i boka Jødene som ble innlagt på sykehus for å unngå deportasjon frå 2022.
Jødar innlagde på sjukehus var i søkjelyset til Statspolitiet. Frå slutten av oktober og fram til 26. november 1942 ville Statspolitiet stramme løkka rundt desse jødane ved å lage eit spørjeskjema for sjuke jødar, der legen som hadde ansvaret, måtte opplyse om diagnose og prognose.
Legen i Statspolitiet, den berykta Hans Eng, skulle så avgjere om desse kunne arresterast eller ikkje. På nærast alle slike skjema skreiv han med raud blyant: «Kan hentes.» Det var dødsdom. Men mange av desse vart likevel redda ut av landet med hjelp frå mange modige menneske. Ein av dei var sjukehuspresten Peder Olsen.
Bjarte Bruland
Bjarte Bruland er statsstipendiat og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Frimurerlogen i Trondheim.
Foto via Wikimedia Commons
Velkomne, kvinner
Kvinnene ynskjer å vera med på Proffen-cupen, inntil i fjor ei av fåe reine herretevlingar i Noreg.
Dersom kanonball er din idrett, kan du reise til USA og satse på dodgeball. Biletet er frå World Championships i Los Angeles 2018.
Foto: Jwoodlee3 / Wikimedia Commons
Klimakset i gymtimen
Kanonball er elska og hata, men mest det fyrste.
Nytt Norsk Tidsskrift er 40 år i år. Til venstre utgåve nummer fire frå 1989.
Svekt av internasjonalisering
Nytt Norsk Tidsskrift er 40 år. 40 år er lang tid. Attersynet med første årgang er eit møte med ei svunnen tid som byr på tung nostalgi.
Det er lite kamuflasje i ein kvit vinterham når snøen ikkje kjem.
Foto via Wikimedia Commons
«Vi veit ikkje korleis framtida vil bli for dei vinterspesialiserte dyra.»
Khaleda Froagh er ein av dei fremste poetane i Afghanistan, med 16 utgjevingar attom seg.
Foto: Linda Bournane Engelberth
Språk som lyser
Trass i den drøymande rastløysa som pregar dikta, held dei også fast i noko.