JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

«Sjukelønsordninga er for raus same kva.»

64,2 milliardar er mykje pengar, og ved å nytta dei litt annleis kan vi styrka arbeid og grunnlaget for velferda.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det er eit faktum at sjukefråværet har gått opp i land som til dømes Sverige, der sjukelønsordninga ikkje er så raus, meiner Kolbeinstveit.

Foto: Lise Åserud / NTB

3659
20241004
3659
20241004

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Sjukelønsordninga

Per Anders Todal hadde 13. september ein interessant artikkel om årsaka til det høge sjukefråværet i Noreg. Todal synte oss at det aukande sjukefråværet kan ha naturlege årsaker knytte til mellom anna etterverknadar av covid-19. Todal hevdar derfor at debatten om sjukefråvær blir ført på falske premissar. Det har han ikkje heilt rett i. Det kjem an på kva debatt om sjukefråvær vi er opptekne av.

Det viktige i debatten om sjukefråvær er at vi som fellesskap nyttar for mykje offentlege pengar på sjukeløn, og at ordninga ikkje er rettferdig. Det er den einaste velferdsordninga i Noreg som ikkje har eigendel. I dag betaler arbeidsgivaren løna dei fyrste 16 dagane, før staten tek over. Som sjuk får du full løn i eit år. Det heile er avgrensa opp til 6G (744.168 kr).

Todal kan ha rett i at folk er sjukare enn før. Sjeflege i Nav, Marit Hermansen, hevdar i eit svar til Todal (20. september) at tilpassa aktivitet er god behandling. Det har ho mykje rett i, men som Richard Aubrey White i FHI skriv i eit svar (27. september), kan aktivitet verka dårleg om diagnosen er feil.

Todal på si side er ikkje heilt nøgd med svaret til Hermansen, fordi vi «må ha orden på faktagrunnlaget» (27. september). Todal peiker på at sjukefråværet har gått opp i land med mindre raus sjukelønsordning. Det er eit faktum at sjukefråværet har gått opp i land som til dømes Sverige, der sjukelønsordninga ikkje er så raus.

Men mykje er fakta. Det er til dømes eit faktum at det er budsjettert med 64,2 milliardar til sjukelønsordninga i statsbudsjettet for 2025. Det er mykje pengar som vi alternativt kunne ha brukt på noko anna. Det er fakta som må med om vi ikkje skal ha ein debatt på falske premissar.

Eg trur sjukefråværet kan gå ned om vi kuttar i ordninga. Det kjem litt an på kor mykje vi kuttar og korleis. Men eg veit jo ikkje. Kanskje ikkje sjukefråværet går ned, men kva så?

Det vi kan vita, er at vi kan bruka mindre på sjukelønsordninga, og meir på noko anna. 64,2 milliardar er mykje pengar, og ved å nytta dei litt annleis kan vi styrka arbeid og grunnlaget for velferda. I debatt om sjukeløn blir det ofte med retta hevda at slike som eg, som kan arbeida kor som helst, slepp lettare unna sjukemelding. Eg kan skriva frå heimekontor. Det kan ikkje til dømes ein bussjåfør. Kutt i sjukeløn bør difor gå til lågare inntektsskatt til alle som tener under 6G.

For det er ikkje rettferdig at bussjåførane eller sjukepleiarar som er på arbeid, og ofte må jobba hardare fordi det er få folk på arbeid, blir skatta relativt høgt, samstundes som den sjuke får full løn. Dei som er på arbeid, bør skatta litt mindre. Dei som er sjuke, bør få litt mindre sjukepengar.

Den sjuke kan ikkje sjølv for at han er sjuk, slik Todal syner, men ein som blir arbeidslaus, har heller ikkje skuld i at han blir arbeidslaus. Ein arbeidslaus får mykje mindre stønad enn ein som er sjuk.

Sjølv om ein ikkje nødvendigvis har eit individuelt ansvar for at ein blir sjuk, så er det ikkje rimeleg at ein får full løn. Det er mykje her i livet ein strengt tatt ikkje er ansvarleg for sjølv. Ein kan bli arbeidslaus, svolten og trøytt. Arbeid, mat og husvære må ein i høg grad sørga for sjølv, samstundes stiller ein raus velferdsstat opp. Velferdsstaten sitt grunnlag er arbeid, plikter og rettar i ein balanse.

Sjukelønsordninga er ikkje i balanse. Det bør det rettast opp i. Det er betre ting vi kan nytta noko av dei 64,2 milliardane på.

Lars Kolbeinstveit er rådgivar i Civita.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis