Slepp kommunane laus, det er haust!
Reform
Dei fleste av oppgåvene kommunane har fått dei siste 20–30 åra, er pålegg frå Staten. Det er fordi Stortinget ønsker at ytingane som blir gitt innbyggarane på dei ulike velferdstiltaka, og vilkåra for å få desse ytingane, skal vere like over heile landet. (Utdanningssektoren er eitt av mange eksempel.) Staten reknar ut kor mykje dei meinar vedtaket vil koste kvar kommune, og så blir pengane og pålegget om å gjere jobben, sende til dei. Dermed er det kommunepolitikarane som blir ansvarlege for gjennomføringa av dei ulike velferdstiltaka staten vedtar, og ikkje staten si utøvande makt, Regjeringa. Det gjeld enten pengane strekk til eller ikkje for den einskilde kommune.
Det kostar staten mange pengar å la kommunane gjennomføre ønsket om like velferdsgode over heile landet. For mange, meiner staten. Og staten har stor tru på at stordrift får desse kostnadene ned. Derfor vil dei ha store og «robuste» kommunar som kan gjere desse tenestene meir effektivt og billegare enn det kommunane kan med dagens kommunestruktur. Det ser ut til at staten har det same synet på strukturen når det gjeld fylkeskommunane.
Kanskje staten skulle tenke nytt? Dersom Stortinget ønsker like velferdsvilkår over heile landet, er det vel like greitt at staten sjølv driv desse velferdstiltaka etter den modellen dei meiner er mest effektiv? Kort sagt: Når staten vil ha same standard over heile landet, bør det vere staten sitt ansvar å gjennomføre ordninga. Da blir det staten sitt utøvande organ, Regjeringa, som blir ansvarleg for gjennomføringa, og ikkje politikarane i kvar kommune.
Når kommunane på dette viset blir fritatt for oppgåva med å skape ein einsarta velferdsstat, kan dei konsentrere seg om dei lokale sakene og den økonomiske og sosiale utviklinga av det området kommunen eller fylket har ansvaret for. Da kan kommunen vere så liten eller stor som det innbyggarane sjølv meiner er naudsynt for å få løyst oppgåvene. Samarbeid mellom eller samanslåing av kommunar eller fylke blir dermed ein naturleg følge av dei problema lokalpolitikarane sjølve kjenner at dei må løyse, og ikkje ei følge av staten sine pålegg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.