Småpartiknusinga må reverserast
«Lokale lister i mange kommunar må no, paradoksalt nok, samle inn fleire underskrifter for å få lov til å stille til val.»
Om ei lokal liste skal stille til val i Oslo no, må dei samle inn kring 5000 underskrifter, éin prosent av dei som har røysterett i kommunen.
Foto: Rune Petter Ness / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Vallov
I den nye vallova er det teke inn eit høgst drakonisk underskriftskrav. Tidlegare var 300 underskrifter alltid tilstrekkeleg for å få delta ved kommunevalet. Men om ei lokal liste skal stille til val i Oslo no, må dei samle inn kring 5000 underskrifter, svarande til éin prosent av dei som har røysterett i kommunen. Tilstramminga er formidabel, og kravet vil vere nær sagt umogleg å oppfylle for ferske innbyggjardrivne lister utan eit profesjonelt partiapparat rundt seg. I praksis vil dei riksdekkjande partia, som slepp unna underskriftskravet, få tilnærma «listemonopol» i storbyane.
Bergenslisten i Bergen, Folkets Røst i Lillestrøm og Bymiljølista i Fredrikstad er døme på vellukka lokale «storbylister» som frå neste val vil måtte konkurrere på radikalt andre vilkår enn dei riksdekkjande partia. Slike lister vil no anten måtte leggje inn årene eller, om dei maktar det, øydsle bort store delar av allereie knappe ressursar på ei krevjande underskriftsjakt.
Vallovutvalet føreslo klokleg å vidareføre eit maksimumskrav for signaturar ved kommuneval. Maksimumskravet blei likevel forkasta med ei fullstendig absurd grunngjeving, nemleg at «det bør være like krav for å stille liste i små som i store kommuner» (Innst. 431 L 2022–2023, s. 20). Det må vere tilstrekkeleg å peike på at det sjølvsagt er langt meir krevjande å innhente 5000 underskrifter i Oslo enn 17 i Båtsfjord, og at det neppe kan seiast å gjelde «like krav» når 17 personar er nok til å stille liste i Båtsfjord, medan fire tusen personar vil få listeforslaget sitt kontant refusert i Oslo.
Lokale lister i mange kommunar må no, paradoksalt nok, samle inn fleire underskrifter for å få lov til å stille til val, enn talet på røyster som trengst for å kome inn i kommunestyret. Til dømes vann INP mandat i Lillestrøm med 593 røyster i 2023, medan Folkets Røst må samle inn om lag 720 underskrifter om dei i det heile teke skal få kome på røystesetelen i 2027.
Tilstramminga synest heller ikkje å svare på eit reelt behov. Det er i alle fall vanskeleg å forstå at mange røystesetlar å velje blant kan utgjere eit problem for demokratiet eller for veljarane. Dei einaste som eventuelt blir råka, er etablerte parti, som møter konkurranse. Denne konkurransen er likevel ein konsekvens av at Noreg har folkestyre.
Verdien det har at «vanlege folk» enkelt kan engasjere seg i lokalpolitikken utanfor dei etablerte partia, må ikkje undervurderast. Sjølv om det vellukka «bompengeopprøret» ved kommunevalet i 2019 nok skaka det etablerte politiske landskapet, så synte det også til fulle at demokratiet fungerer. Bompengemotstandarane fekk ein talarstol og politisk makt som samsvarte med den oppslutnaden dei hadde i folket.
Når dei etablerte partia no i praksis gjer seg sjølve einerådande i store kommunar gjennom å stengje mindre ressurssterke grupper ute, kan det auke politikarforakta og minske tilliten til systemet. Dei nye underskriftskrava svekkjer såleis det norske demokratiet og bør reverserast.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.