Språktvang sett på pause
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Opplæring
Regjeringa ville at fylkeskommunane skulle påleggje lærarar i vidaregåande opplæring kva språk dei skulle drive opplæring på. No er endringa sett på pause, og lærarane kan halde fram med å bestemme sjølve. Det er bra for nynorsken veldig mange stader.
Etter den nye opplæringslova som trer i kraft 1. august, skal alle fylkeskommunar vedta om opplæringsspråket er bokmål eller nynorsk. Dette er lovteksten som påverkar kva språk det er læraren skal bruke i klasserommet. Med andre ord, kva språk eleven møter mest i klasserommet. Nyleg kom forskrifta til lova. Der skriv departementet at fylkeskommunane ikkje treng å rette seg etter paragrafen om opplæringsspråk før i 2026. Altså får ein halde fram med den same språklege styringa av vidaregåande skule som den vi er kjende med frå før. Det gjev oss tid til å arbeide politisk for å endre lova. Det er vanskeleg å lese dette på nokon annan måte enn at kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun ser at endringa kom brått, umotivert og utan at styresmaktene såg konsekvensane.
I Vestland har lovendringa skapt bølgjer. Det har vore politisk umogleg for fylkestinget å vedta nynorsk som opplæringsspråk for dei vidaregåande skulane i Bergen, men like fullt vanskeleg å gå for bokmål. Vestland er eit nynorskfylke, og det bur og arbeider mange lærarar i Bergen som i dag skriv nynorsk på tavla og i kommunikasjon med elevar og føresette. Det er viktig for både nynorskelevane og bokmålselevane i Bergen at dei får sjå og møte nynorsk i løpet av skulekvardagen. Dersom alle lærarane i bergensskulen hadde blitt tvinga til å undervise på bokmål, ville dei vidaregåande skulane i Bergen blitt kjemisk frie for nynorsk.
Slike konsekvensar kan ein sjå for seg også i andre fylke, og det er bra at styresmaktene no langt på veg gjev Noregs Mållag rett. Lova bør vere som i dag: Lærarane i den vidaregåande skulen bør sjølve få velje om dei vil undervise på nynorsk eller bokmål.
Det beste ville sjølvsagt vore om alle brukte nynorsk. Elevane skal møte og lære både bokmål og nynorsk, og meir eksponering vil auke forståinga og betre haldningane til det minst brukte språket. Lærarane skal vere kvalifiserte til å drive opplæring i og på nynorsk. Men dersom bokmål blir valt, vil mange elevar risikere å møte mindre nynorsk. Det går ikkje.
Difor er det bra Kari Nessa Nordtun set saka på vent. Eg trur ho brukar pausen godt, og endrar lova tilbake til slik ho var. Ei blanding av bokmål og nynorsk er trass alt betre enn berre bokmål.
Peder Lofnes Hauge er leiar i Noregs Mållag.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.