Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Stoggar rettsaker mot Raude Khmer

Andre- og tredjegrads leiarar av Raude Khmer slepp svara i retten for folkemorda til rørsla deira mellom 1975– 79.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Khieu Samphan (t.v.) og Nuon Chea er båe dømde for folkemord i Kambodsja.

Foto: Andy Eames / NTB scanpix

5955
20191129

Kambodsja

Ben Kiernan

5955
20191129

Kambodsja

Ben Kiernan

Nyhenda 16. november 2018 fortalde at Extraordinary Chambers in the Courts of Cambodia (ECCC), ein blanda FN-kambodsjansk domstol i Phnom Penh, dømde to leiande Raude Khmer-straffsøkte for folkemord, det skjendigaste brotsverket av alle. Den 28. mars offentleggjorde ECCC dommen på 2259 sider, der brotsverka deira var gjort greie for i detalj. Likevel ser det ut til at ECCC ikkje vil behandle fleire saker mot andre medlemar av Pol Pots brutale Raude Khmer-regime, som styrte Kambodsja frå 1975 til 1979.

Dei to tidlegare høgtståande leiarane i Pol Pots regime som no er dømde for folkemord, er store fiskar. I 36 år tente Nuon Chea som Pol Pots avløysar, i eigenskap av nummer to i det kambodsjanske kommunistpartiet frå 1962 til Pol Pot døydde i 1998. Khieu Samphan var Raude Khmer-regimets statsoverhovud frå 1976 til 1979.

At domstolen fann to tilfelle av folkemord under Raude Khmer-styret, er eit viktig steg. Mange akademikarar har lenge hevda at regimet var skuldig i andre brotsverk, men ikkje folkemord. ECCC har i staden konkludert med at to av dei etniske minoritetsgruppene i Kambodsja, dei etnisk vietnamesiske og Cham-muslimane, begge var utsette for folkemord av regimet. Denne veldokumenterte dommen bør ikkje rokkast av at Nuon Chea døydde 4. august, 93 år gamal, medan hans eigen dom for begge brotsverka var appellert.

Medskuldige

Desse to framståande medskuldige med Pol Pot er dømde ikkje berre for folkemord, men òg, i ein ECCC-dom frå 2014 som var under appellbehandling i 2016, for brotsverk mot menneska. I tillegg sonar Duch, den tidlegare kommandanten for regimets sentrale, hemmelege fengsel, «S-21», ei livstidsstraff, etter at han i 2010 vart dømd for brotsverk mot menneska. Desse tre dommane, sjølv om dei først kom etter nesten fire tiår, gjev ein monaleg grad av rettferd til offera.

Tre andre sentrale Raude Khmer-leiarar er òg arresterte og fengsla i seinare tid. To av dei, Ieng Sary og Ieng Thirith, begge ministrar i regjeringa til Pol Pot, var stilte overfor utsiktene til rettssak, men døydde før dom var felt. Ieng Sary, som var visestatsminister i Raude Khmer-regimet frå 1975 til 1979, døydde i fengsel i 2013, under rettssaka mot han for brotsverk mot menneska. Han var òg opphavleg tiltala for folkemord, og saka skulle opp i ein rettssak nummer to. Kona hans, Ieng Thirith, vart også fengsla, men saka mot henne vart stogga fordi retten fann henne mentalt svekt og ueigna til å bli stilt for retten. Ho døydde i 2015. Den militære sjefen for Raude Khmer, Mok, vart arrestert i 1999, og døydde i fengsel i 2006, medan han venta på at rettssaka mot han skulle ta til.

Berre Pol Pot sjølv og ein annan sentral leiar, Ke Pauk, unngjekk arrest. Begge døydde før ECCC-domstolen var på plass. Dei mange tilleggssakene som Kambodsjas statsminister Hun Sen no set ein stoppar for, burde sjølvsagt gått sin gang, men dei gjeld relativt annanrangs tenestemenn.

Straffefridom

I 1979 og i 1980-åra var det titals tusen, kan hende så mange som 40.000 Raude Khmer-folk av lågare rang som gjorde teneste i kambodsjanske fengsel og omskoleringsleirar. Fangane i desse sat ikkje på livstid, og ikkje var dei dømde i ein rett, men mange var der likevel i mange år. Eg reiste mykje rundt i Kambodsja i 1980-åra, og høyrde ein god del om Raude Khmer-offiserar og soldatar som var fanga og arresterte, eller plasserte i til dømes omskoleringsleirar. Det var i desse sakene ikkje snakk om straffefridom for Raude Khmer.

I dag, når kritikarar av ECCC eller representantar for den kambodsjanske regjeringa snakkar om straffefridom for Raude Khmer, legg dei i det at Hun Sen hindrar fleire ECCC-rettssaker i 2019. Dette er sant, og det er beklageleg.

Diverre er det heller ikkje mykje diskusjon lenger om korleis, frå 1975 til 1992, Kina, Vesten og deira allierte støtta Raude Khmer-regimets rett til det kambodsjanske setet i FN. Slik representerte dei regimets eigne offer overfor verda. Dei siste 13 av desse åra, lenge etter at Raude Khmer hadde blitt drive frå makta, var det framleis Raude Khmers handplukka ambassadør som sat i Kambodsjas FN-stol. Raude Khmer-flagget vaia over New York, medan Pol Pot-styrkane framleis hadde hæren sin ved grensa til Thailand og truga med å ta attende makta i Kambodsja.

Internasjonal støtte

Den koalisjonen med internasjonal støtte til Raude Khmer er årsaka til at Pol Pot sjølv aldri trong møte for retten fram til han døydde i 1998 medan han sov. Sjølv om Australia gjorde framlegg om ei rettssak i 1986 og fekk noko støtte for tanken frå både Indonesia og Malaysia, nekta USA å stille seg bak rettssak mot Raude Khmer fram til 1994, og FN hadde ikkje planar om ein domstol før 1999.

På den tida hadde armeen til Hun Sen sigra over Raude Khmer-armeen og tvinga dei attlevande leiarane til å overgje seg. Det gjorde dei i 1999. Slik gjekk det til at dei vart stilte for retten og dømde av ECCC-domstolen, ein hybriddomstol som FN lenge tinga med den kambodsjanske regjeringa om. Sjølv da trenerte den kambodsjanske opposisjonen avtalen i eit år i nasjonalforsamlinga.

No, førti år etter folkemorda utførte av Raude Khmer, hindrar regjeringa til Hun Sen rettssaker for andre brotsverk av mange viktige andre- og tredjerangs Raude Khmer-leiarar. Utsett rettferd er nekta rettferd. Alle sider, kambodsjanske og internasjonale, er ansvarlege for den langvarige utsetjinga og fornektinga.

Men for mange offer for den øvste Raude Khmer-leiarskapen har ein viss monn av rettferd likevel kome til slutt.

Ben Kiernan er A. Whitney Griswold-professor i historie og grunnleggjar og leiar av Det kambodsjanske folkemordprogrammet ved Yale University.

Einerett: / Dag og Tid

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

No hindrar regjeringa til Hun Sen rettssaker for andre brotsverk av mange viktige andre- og tredjerangs Raude Khmer-leiarar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis