Tamrein og Fosen
Reinsdyr vandrar rundt vindturbinane på Storheia vindpark på Fosen.
Foto: Heiko Junge / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Beite
«Byggjer Fosen-domen på ei lygn?» Slik spør professor emeritus Torstein Storaas i Dag og Tid 21. april. Han har forska på elgpåkøyrsler og tiltak for å halde elgen unna bilar og tog. Truleg er det like eins med rein som med elg, skriv han og undrast på om dei fagfolka som har gitt Høgsterett råd, har late seg styre av ideologi og ikkje av fakta.
Eg som skriv dette, har ikkje eigne røynsler med tamrein, men har bak meg eit yrkesliv med andre husdyr, geit og sau. Det har gitt meg ein lærdom som gjeld alt dyrehald, at me først og fremst må ta omsyn til dei mest sårbare dyra og dei mest sårbare periodane i dyras liv. Aller mest har det å gjere med forplanting. Utan fødslar og nye dyr hjelper det så lite om dei mest robuste greier seg.
I drektigheitstida, under fødslar og med ansvar for avkom kan uvanlege hendingar som fly som bryt lydmuren, hundar på villstyr eller brå maskinstøy føre til stress og risiko for abortar eller feilstillingar og vanskelege fødslar eller døde foster. Omsorgsfulle småfehaldarar bruker ikkje nyttårsnatta til å skyte opp rakettar eller skråle godt nytt år saman med andre festglade, men går i fjøset, slår på lyset, gir dyra litt ekstra mat og pratar roleg med dei, slik at dei ikkje blir stressa opp av smella og lysglimta.
Når dyra går i stor flokk, føler dei seg trygge. Møter du til fots eller med sykkel eller bil ein stor saueflokk på veg til eller frå sommarbeite, vik dei knapt nok unna. Men ser du ei einsleg søye med lam, føler dei seg utrygge og trekkjer vekk.
Då vinterbrøyting av fjellvegar vart vanleg i mitt heimeområde for nokre tiår sidan, såleis bilvegar over Hardangervidda, åtvara mange naturengasjerte menneske mot at trafikken ville øydeleggje for villreinen. Reinen reagerer lite på bilar, innvende ivrige utbyggjarar og dokumenterte med bilete av villreinflokkar tekne frå bilvindauga. Men før kalvinga dreg simlene åleine til dei mest bortgøymde områda så langt unna bilar, snøskuterar og skigåarar som råd. Der kan kalvinga skje uforstyrra og utan at mor og avkom kjem frå kvarandre.
Dinest handlar det om ro til beiting. Me menneske sit til bords høgda eit par timar om dagen, og rovdyr et ofte med dagars mellomrom, men ein drøvtyggjar et eller leiter etter mat heile vakentida. Ser du ei søye med lam på beite, har ho nesten alltid mulen i graset. Geita og reinen spring meir, på jakt etter dei mest næringsrike plantene. Når bilen eller sykkelen eller laushunden kjem, blir søye og lam redde og spring framfor, men ofte blir dei jaga frå kvarandre og må bruke timane etterpå til å finne kvarandre att, om dei i det heile gjer det. Det første resultatet blir mindre mjølk og kjøt, det neste fleire tomme hodyr og det tredje færre husdyrhaldarar, i sum ein snikande overgang til ny normalitet med menneske som dominerande utmarksart.
Olav Randen er småbrukar emeritus.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.