Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Til Dovre fell

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3970
20210806
3970
20210806

Folkemusikk

Eg hadde alt anna enn venta at arkitekten av vedtaket som resulterte i splittinga i Folkemusikk-Noreg, Ivar Schølberg, hadde kome med stønadsfråsegn til mi meiningsytring i essayform i høve dette vegskilet i Landslaget for spelemenn (Lfs). Han hadde dentid vore leiar der ei årrekke. Norsk folkemusikk og -danselag vart skipa som ei fylgje av dette møtet, som slik sett minte om skipinga av Lfs si lausriving frå Noregs Ungdomslag i 1923. Hardingfelespelarane, med fylgje seinare av felespelarane, vidare av dansarar og til sist kvedarar ville styre i eige hus. Statsstipendiat Arne Bjørndal var leiaren for dei i den fasen.

Dei verdiane han heldt fram i 1923 eg tolkar i essayform, mi forteljing om hendingane, var det som Lfs burde hatt i framsetet, også i tida etter 1986, då Lfs i røynda vart delt. NFD, Norsk Folkemusikk og -danselag vart skipa som svar på dette møtet sitt fleirtalsvedtak i 1987 og, med mi tilslutting, fusjonert med Lfs vel eit par tiår seinare. Jamfør skrivet mitt i Spelemannsbladet 10/09, «Ein fusjon».

Rett nok var det ei prioriteringssak for arbeidsfeltet i Lfs, noko forresten den vinnande fløya har freista å unndra seg tidlegare, men det var også ei umåteleg sterk dreiing av prioriteten i arbeidsområdet til landslaget. Deri ligg kva ein meiningsretta aktør som eg kan framføre av synspunkt om nettopp dette hovudpoenget.

For å hindre dette scenarioet som hende, så kontakta eg personleg Noregs Ungdomslag i Oslo, ved sjølvaste leiinga, då eg budde der periodevis, og fremja der ein tanke som var meir i tråd med dei tradisjonelle arbeidsfelta til det «gamle morlaget», Noregs Ungdomslag, andsynes det «avskalla» Lfs, utgått herifrå i 1923. Konkret gjekk dette ut på at NU skulle ta seg av den mykje omynskte, nye, og i talet fjorde eller femte landsdekkande gamaldansfestivalen i Noreg. Dette fekk eg aksept for i NU, noko dei seinare gjekk bort frå. Tilfeldig: Neppe. Det kunne i slikt tilfelle ha avverja det som utspelte seg på Lysebumøtet, årsmøtet til Lfs i 1986, då grunnfjellet mellom Straumsfjell og Andenape i Setesdal rivna. Største raset i manns minne der, om ikkje på Dovre.

Sjølv hadde eg derføre fremja framlegg for årsmøta om inntaking av nyare spel- og danseformer med eldre grunnlag i tradisjonar for visse strok av landet, som tevlingsgreiner på Lfs sine landskappleikar. Det vart røysta ned. Det var avund på Titanofestivalen og dei to–tre andre av liknande slag, som var drivkrafta til Schølberg & Co., synte det seg. Det vart snakka om struttande setelbunker ut av lommene på tilskiparane, noko Lfs heller ynskte for si lagskasse. Og nye lagslemer og meir lagspengar.

Folkemusikkdefinisjonen var fjerna som forelda frå Lfs sine vedtekter alt 1974, og nedsett nemnd for utarbeiding av ny fann arbeidet både unyttig og umogeleg å gjennomføre, skreiv dei til Lfs som svar på mandatet og oppdraget. Det vart på det sterkaste påpeikt i denne fasen, og seinare i NFD bøtt på med slik definisjon utarbeidd av oss i slik nemnd i det nye laget, då den tid kom. Der kunne kvar og ein sjå namnet på kva verdiar som skulle sitje i framsetet, om ikkje for «all verda», men for Norsk folkemusikk og -danselag. Det trur eg var med på å få forskaren Georg Arnestad til å nemne NFD som folkemusikkens Bellona. Nye generasjonar støtta viktige element av arbeidet vårt i NFD, vart medlemmer, jamvel, og eit nytt Lfs, der flesteparten av oss også var med, steig fram. Det har no nådd høgda i FolkOrg, det nye folkemusikkmiljøet i einskap. Framtida ville det heller ikkje slik at gamaldans­musikken breidde seg ut, trass i tiltak iherdig gjorde av organisasjonar, med kva namn nemnast. Profetrolla er uviss, vere seg katastrofespåing eller himmelkome på jord. Til og med vanskeleg å vere profet i sin eigen bås. Sjølv komen ut av båsen eg treivst i, freista eg roots- og rockeriket på fellesbeitet i andre land.

Hallvard T. Bjørgum er statsstipendiat som spelemann og kulturarbeidar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis