Tre små studiestadar
I Bø, Volda og Sogndal har høgskulane prega lokalsamfunnet positivt og ført til at regionane får stabil tilgang til kvalifiserte yrkesutøvarar. Med dagens UH-politikk blir utdanningstilbodet på mindre stadar utfordra.
Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal.
Foto: Harald Groven / Wikimedia Commons
Utdanning
Terje Erik Bjelle
Utdanning
Terje Erik Bjelle
For kring 50 år sidan endra det høgre utdanningslandskapet i Noreg seg radikalt. Fram til vedtaket om etablering av Universitetet i Tromsø i 1968, var det høgre utdanningsinstitusjonar berre i dei tre største byane. Grunnlaget for moderne masseutdanning vart lagt med Ottosen-komiteens innstillingar (1965–70), og i tråd med desse vart det etablert distriktshøgskular utover landet.
Mange meinte distriktshøgskular burde lokaliserast til dei større byane, men det melde seg fleire interessentar, også nynorsktalande bygdesamfunn i spreiddbygde utkantområde. I ei tid då tankar om desentralisering og maktfordeling stod sterkt, vann bygdebaserte interesser i ulike alliansar fram. Særleg braut vedtaket om etablering av distriktshøgskule i Bø nokre barrierar. Med god støtte frå «Aksjonsnemnda for distriktshøgskular», utgått frå Studentmållaget i Oslo, vann distriktsinteressene kampen for å etablera distriktshøgskule i Bø, og ikkje i grenlandsområdet.
I løpet av 1970-talet vart det etablert distriktshøgskular i ti fylke, også i Volda og Sogndal. Lokaliseringsvedtaka vart gjorde av sentrale styresmakter, ofte i strid med dominerande meiningar i dei aktuelle fylka.
Korleis har det gått?
Talet på studentar i Noreg er nær seksdobla sidan 1970. Studiestadane Bø, Sogndal og Volda har i 2020 frå 2800 til 4500 studentar. Dei er blant dei 10–15 største studiestadane i landet, og dei har hatt ein vekst i studenttalet som er sterkare enn den nasjonale utviklinga tilseier.
Dei nye høgskulane lærte raskt kva som skulle til for å ta sin del av veksten i utdanningssektoren. Særleg i åra kring 1990, som er den sterkaste vekstperioden, viste dei evne til å følgja med i timen, snu seg raskt, koma med framlegg om nye utdanningar i tråd med samfunnsutviklinga og ikkje minst etablera alliansar med omverda for å realisera framlegga.
Distriktshøgskulane, og etter kvart gamle profesjonsskular (helse, sosial, lærar, ingeniør) som fekk høgskulestatus, bringa ein ny dynamikk inn i høgre utdanning med etablering av nye utdanningstypar. Og det utvida og meir varierte tilbodet representerte ein lægre terskel til høgre utdanning. Det har medverka til å utjamna rekrutteringa, både når det gjeld kjønn, geografi og sosial bakgrunn.
Utdanningstilbodet ved mindre studiestadar har vore dominert av yrkesretta utdanningsprogram. Dei har sikra stabil tilgang til kvalifiserte yrkesutøvarar i regionane, som lærarar, helse- og sosialarbeidarar og økonomar. Studiestadane har avla mange engasjerte og inspirerande førelesarar. Dei er kjende for å ha eit triveleg studentmiljø, god oppfølging av studentane og gode resultat når det gjeld gjennomføring i utdanningane. I slike samanhengar har dei ofte scora på topp i landet.
Men dei har ikkje hevda seg like godt målt etter tradisjonelle akademiske teljekantar. Forskingspublisering per tilsett og talet på tilsette som har toppkompetanse, er lægre enn ved dei gamle universiteta. Og gradvis er det dette som har vorte dei dominerande kriteria for akademisk kvalitet, og fått merksemd, uavhengig av kva slags høgre utdanning det gjeld, og uavhengig av kvalitetar ved utdanningane og studiestadane elles.
På dei fleste område som vert rekna som teikn på at det går bra i ein kommune, skårar dei tre vertskommunane høgt. Særleg gjeld det Sogndal og Bø, som har hatt ein auke i folketalet som er klart sterkare enn landsutviklinga, og som begge har ei ung befolkning jamført med både landet, dei respektive fylka og liknande kommunar.
På mange område er utviklinga i Bø, Volda og Sogndal den same. Alle dei tre stadane har høgre utdanning sett tydeleg preg på lokalsamfunna og kommunane. Campus er lokalisert sentralt i bygda, studenttalet utgjorde i 2019 rundt 40 prosent av folketalet i kommunen, og det store innslaget av unge og sosialt innstilte menneske gir grunnlag for eit tenestetilbod som elles ikkje ville vore der.
Men nokre skilnadar er det. Høgskuleutviklinga i Bø og Volda kom godt i gang alt på 1970-talet og er meir prega av første generasjon tilsette og deira tilknyting til etablerte akademiske disiplinar, slik som historie og språkfag. I Sogndal kom veksten seinare og i stor grad innanfor fagområde med svakare akademiske tradisjonar, men med større potensiale for vekst, slik som økonomi, idrett og sosialfag. I Bø og Volda har det også vore sterkare kontinuitet i fagmiljøet, noko som har medverka til tydelegare akademiske ambisjonar med fokus på forsking, etablering av hovudfag/mastergrad og ph.d.-program, og, særleg i Bø, til universitetsambisjonar.
Utviklinga i Sogndal er meir prega av ein treg start, der behovet for marknadsorientering for å overleva kom raskare. Her varte det tradisjonelle høgskulefokuset lengre, med vekt på gode bachelorprogram. Sogndal har også i større grad nytt godt av å ha eit samla fylke og stortingsbenk bak seg i mange samanhengar, og av at det ikkje vart etablert distriktshøgskule i nabofylket Hordaland. Det kan også sjå ut til at Sogndal, og i nokon grad Bø, har fått meir ut av samarbeid med aktørar i lokalsamfunnet enn det Volda har. I Sogndal er samarbeidet med Sogndal Fotball eit godt døme.
I dag er det Sogndal av dei tre som står sterkast når det gjeld rekruttering av unge heiltidsstudentar. Både Bø og Volda har større innslag av nett- og samlingsbaserte studietilbod. Med omsyn til forskingspublisering og talet på tilsette med toppkompetanse, er dei tre studiestadane mykje like.
Har dei ei framtid?
Dei tre bygdebaserte studiestadane har utvikla seg sterkt gjennom 50 år, og dei har overlevd ei utvikling der akademisk kvalitet og storleik på institusjonar og fagmiljø i aukande grad har kome i fokus. Etter mange fusjonar kring 2015 er det berre Volda som står att med ein sjølvstendig høgskule. Bø og Sogndal er blitt mindre studiestadar i store fleircampusinstitusjonar.
Dei første tiåra hadde desse små studiestadane gode vekstvilkår fordi relevante og gode utdanningstilbod var det sentrale. Høgskulane etablerte nye utdanningstilbod i takt med behova i samfunnet, noko som ofte førte til vekst i breidda heller enn til fagleg spissing. Det har resultert i eit breitt utdanningstilbod og mange relativt små fagmiljø. No er det toppkompetanse i personalet, omfang av forskingspublisering, universitetsstatus og «robuste» institusjonar som tel. Det er liten tvil om at med dagens UH-politikk vil det breie utdanningstilbodet på slike små studiestadar bli utforda.
Ei anna utfordring ligg i den makta og uavhengige posisjonen som dei nye institusjonsstyra har fått. Tidlegare hadde små studiestadar ofte god støtte frå stortingsbenk og andre aktørar med ein ståstad som korresponderte med studiestaden. I dag er det svært vanskeleg for politikarar, uansett ståstad, og same kor offentleg finansierte høgskulane er, å koma i inngrep med eller påverka vedtak i institusjonsstyra.
Men er det større sjanse for ei framtid med sjølvstendig høgskule enn som liten studiestad i stor fleircampusinstitusjon med universitetsstatus/-ambisjonar? Små studiestadar kjem til å møta utfordringar og motbakkar i begge tilfella, men noko av det som har gitt grunnlag for utvikling, er nært samarbeid med lokale og regionale aktørar og det å kunna synleggjera kvalitetar ved studiestaden. Vilkåra for det er truleg betre med ein sjølvstendig høgskule enn som bortgøymd studiestad i ein bydominert fleircampusinstitusjon.
Terje Erik Bjelle
Terje Erik Bjelle er avdelingsdirektør ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sogndal har nytt godt av å ha eit samla fylke og stortingsbenk bak seg.
Er det større sjanse for ei framtid med sjølvstendig høgskule enn som liten studiestad i stor fleircampusinstitusjon?
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.