Tysk eller spansk i skolen?
SPRÅKFAG
Ronny Spaans skriv i Dag og Tid nr. 39 om tyskfaget sin svekte posisjon i skolen i Noreg over dei siste tiåra. Han er særleg bekymra for at spansk språk har blitt så populært blant skolelevar i den same tidsperioden. Det er sjølvsagt høgst legitimt å bekymre seg for dette, men artikkelen er tendensiøs og brukar fakta på ein tvilsam måte. Det er også viktige opplysningar han ikkje tek med.
Han nemner korrekt at det er 100 millionar tysktalande i Europa, men seier ikkje eit ord om at dette stort sett er alle som har tysk som morsmål totalt. Heller ikkje nemner han at dei aller fleste av desse, i alle fall dei som er fødde litt etter krigen, snakkar meir og mindre godt engelsk, særleg den unge generasjonen. At dei ungdomane som vel å lære seg «feriespråket» spansk kan snakke med godt over 400 millionar menneske på tre kontinent, utelèt Spaans å seie noko om. Når ein tek med at svært mange spansktalande ikkje snakkar engelsk, blir det enda tydelegare at det er eit rett så fornuftig val. Spansk er etter engelsk det språket som flest lærer på jorda. På internett er det på tredjeplass i bruk etter engelsk og kinesisk.
Spaans skriv at engelsk og tysk «tronar» statistikken over språk norske eksportbedrifter treng. Men ifølgje tala han sjølv nemner, er det berre engelsk som sit på den trona. 44 prosent av bedriftene melder behov for engelskkunnskapar. For tysk og spansk er tala høvesvis 14 og 4 prosent. Her må eg få legge til at på Vestlandet der eg er lærar i ungdomsskolen, er ei av dei viktigaste eksportnæringane klippfisk til Spania, Portugal og Latin-Amerika. For dei som ser for seg ei framtid i denne næringa, er spanske språkkunnskapar eit heilt naudsynt val.
Spaans skriv at på syttitalet valde eit stort fleirtal av elevane tysk. Eg gjekk i realskolen frå 1967–1970. Eg hadde tysk, ja, men det var ikkje noko val! Det var dei einaste alternativet. Då det blei mogeleg å velje både tysk, fransk og spansk i ungdomsskolen nokre tiår seinare, var det spansk som blei mest populært, og det i ei tid då vi enno kunne sjå tyske filmar og TV-seriar kvar veke. Det hadde sikkert noko å gjere med at Spania var eit kjent turistland, men kan det også tenkjast at informasjonen om utbreiinga til og nytten av det spanske språket, var ein medverkande faktor for valet elevane tok? Spaans synest å meine at desse elevane var tiltrekt av «språket til gateborn i Latin-Amerika» og at valet av spansk var del av «eit nytt forseinka oppgjer med Nazi-Tyskland». Dette treng eg ikkje å kommentere, det får stå for Spaans’ eiga rekning. Sjølv ville eg aldri ha uttalt meg på denne måten.
Det ein ikkje må gløyme, er at i vår tid får alle 13-åringar tilbod om å lære eit nytt språk når dei begynner i ungdomsskolen. Slik var det ikkje før. Realskolen var ein utvalsskole, dei som gjekk framhaldsskolen fekk ikkje noko tilbod om å lære eit nytt framandspråk. Ved den skolen eg jobbar, har vi tilbod om opplæring i både tysk, fransk og spansk. Vi opprettar alltid tysk- og spanskgrupper, men det blir nokre år for få til å starte opplæring i fransk. Kanskje det burde bekymre Ronny Spaans meir enn at spansk har blitt meir populært enn tysk?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.